Bergly (Fedje gnr 169 bnr 37)

Bergly er ein bustadeigedom, no fritidsbustad, i Fedje kommune.

Bergly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 37
Adresse: Mulevegen 81

1. Oddleiv Uthaug f. 1912 Smiholmen (gnr 168 bnr 55-1d) d. 1975, fiskar, g. 1937 m. Karoline Kjeilen f. 1914 Lindås d. 1997. Ho var søster til Ragnvald Kjeilen, sjå Vika gnr 168 bnr 78. Skøyte 1939 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. Huset vart bygd same året. Dei flytta til Keilo i 1943 og tok over heimegarden hennar (sjå Lindåsb. IV s 448).

Born: a. Odd Kåre Uthaug f. 1937, bustad Sætre i Austrheim. b. Rolf Uthaug f. 1943, bustad Mongstad, Seim i Lindås. c. Ester Uthaug f. 1946, bustad Keilo.

2. Fritjof Mongstad f. 1923 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3f) d. 2009 g. 1947 m. Amanda Sulen f. 1923 (gnr 169 bnr 57-3b) d. 2009. Skøyte her i 1946. Fritjof var fiskar, seinare skipper. Dei flytta til Bergen i 1971.

Born: a. Aud Marit Mongstad f. 1948 d. 2007 g. 1966 m. Magnar Uthaug f. 1947 (gnr 168 bnr 64-2 c), bygde på Svena (gnr 168 bnr 234). b. Anita Fridbjørg Mongstad f. 1955, neste eigar (3).

3. Anita Mongstad f. 1955 på dette bruket (2b), arb. trygdekontor, bustad Oslo, seinare Høvik i Bærum, var g. 1975 m. Steinar Grenth frå Oslo f. 1947, busett der. Ho fekk skøyte i 2009, og bruker huset som fritidsbustad.

Born: a. Cathrine Mongstad Grenth f. 1976, bustad Bærum. b. Stine Marie Mongstad Grenth f. 1983, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Bergly (Fedje gnr 169 bnr 37) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Smineset (Fedje gnr 169 bnr 19) • Neste bolk: Holmengrå fyr (Fedje gnr 169 bnr 3)