Borsholm krins
Borsholm krins i Hyllestad kommune oppstod første gongen i 1893-1900, då vart det fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul med skulestad på Åsmul. I 1900 vart Borsholm igjen delt i dei gamle krinsane Skivenes og Åsmul. I 1929 vart dei to krinsane på ny samla i Borsholm krins. Det vart bestemt at det skulle byggast skulehus midt i krinsen, på Borsholm. I 1958 var Storaker krins lagt ned og elevane flytta til Borsholm krins.
I 1965 vart Borsholm krins lagt ned og elevane sendt til Skifjorden.
Skulehus
Borsholm skule
- Byggeår: 1907 (Hatlem krins frå 1907 til 1928)
- Fungerte som skule: 1907-1928 (Hatlem). 1929-1965 Borsholm.
- Anna bruksområde: Fritidsbustad
Skuledagen
Elevane gjekk på skule i to veker og hadde fri i to veker. Kvar dag starta med salmevers og vart avslutta med Fager kveldssol smiler. Det var mykje pugging i skulen på 30-talet og ein vart straffa med skammekrok eller opphald på gangen om ein ikkje kunne leksa. Ein fekk karakterar i alle fag frå første året på skulen. Dette endra seg gradvis over tid. I det lange friminuttet midt på dagen leika borna mellom anna slåball, hauk og due, siste par ut, sprette pinne og slå på ring.
Fram til 1951 var Borsholm skule samla. Frå 1951 til 1961 var han todelt, deretter samla fram til siste skuleåret, 1964/65, då den igjen var todelt. I 1961 vart 4. og 5. skuledag innført, og elevane fekk denne ekstra undervisninga ved Skifjord skule.
Skulevegen
Lærarar
Frå 1930 til langt ut på 1950-talet var det same lærar som underviste 14 dagar på Borsholm skule og 14 dagar i Storakersund. Læraren tok med seg skulekista og anna utstyr og flytta mellom skulane.
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Øen | Jens | Borsholm skule | 1944 | 1945 | |||
Åsmul | Georg | Borsholm skule | 1945 | 1946 | |||
Kvammen | Mateus | Borsholm skule | 1946 | 1947 | |||
Kvamme | Alvhild | Borsholm skule | 1947 | 1948 | |||
Tuland | Anne Lise | Borsholm skule | 1948 | 1949 | |||
Bjelkerøy | Didrik | Borsholm skule | 1949 | 1950 | |||
Rutle | Odd | Borsholm skule | 1950 | 1951 | |||
Lunde | Njål G. | Borsholm skule | 1951 | 1952 | |||
Holten | Oddlaug | Borsholm skule | 1952 | 1955 | |||
Sørebø | Signy | Borsholm skule | 1955 | 1956 | |||
Sørebø | Svanhild | Borsholm skule | 1959 | 1961 | |||
Søfteland | Rune | Borsholm skule | 1956 | 1958 | |||
Sørebø | Signy | Borsholm skule | 1958 | 1959 | |||
Leirpold | Asbjørn | Borsholm skule | 1961 | 1962 | |||
Bygnes | Per | Borsholm skule | 1962 | 1963 | |||
Tonning | Sigbjørn | Borsholm skule | 1963 | 1964 | |||
Bjergene | Kjellaug | Borsholm skule | 1964 | 1965 | |||
Ytrefjord | Gjertrud | Borsholm skule | 1937 | 1944 | |||
Risnes | S.E. | Borsholm skule | 1933 | 1936 | Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane | ||
Øen | Finn | Borsholm skule | 1936 | 1937 | Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
- Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Per Bygnes