Borsholm skule
Borsholm skule frå 1930 er plassert 60-70 meter frå vegen til Skiveneset i Hyllestad kommune. Det var skule på Borsholm i 35 år, frå 1930 til 1965. Skulen var i si levetid prega av store samfunnsendringar, krig, sentralisering og pedagogisk utvikling.
Skulehuset
Plassering
Borsholm krins oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul. Det vart strid mellom kretsane om kvar skulehuset skulle plasserast. På dette tidspunktet var det få vegar mellom gardane og grendene i dei to skulekrinsane. I juli månad i 1929 vart det bestemt at ein skulle finne midtpunktet for dei to skulekrinsane og plassere den nye skulen der. Vegen frå Skivenesvåg i eine enden til den nye bruket på Våge i andre enden var på 6,88 km. Midtpunktet var midt på utmarka for bruka på Borsholm. Her var det to mogelege tomter: ei som låg 70 meter aust for midtpunktet og ei som låg 150 meter mot vest. Åsmul og Skivenes had kvar sin favoritt. Ei ekstra utfordring kom då dei som budde på Hatløyna også ville vere med å bestemme kva som var midtpunktet i krinsen. Alle ønskjer kortast mogeleg veg for ungane sine. Krinsane vart ikkje eininga og måtte til slutt be heradsstyret om å fatte ei avgjerd. Denne saka finn ein i skulestyreprotokollen frå 12. desember 1929.
Skulehus frå Hatlem
Skulen vart først bygd på Hatlem og fungerte som skulehus der frå 1900 til 1928. Etter dette vart skulehuset flytta til Borsholm. Skulehuset vart frakta med båt til Borsholm. Kvar planke var merka og skulehuset vart sett opp slik det hadde vore på Hatlem, men med kjellar i tillegg. På skuleplassen vart det også sett opp eit uthus på ca 18 m2. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta.
Huset hadde hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Grunnflata var på til saman 60 m2. Det var vatn og ein vedkomfyr i kjellaren. I statren brukte ein parafinlamper, men i 1953/54 fekk skulen elektrisitet til lys. Oppvarming var vedfyring heilt til skulen vart lagt ned i 1965.
Anna bruksområde
Skulehuset fungerte som samlingsstad i krinsen og vart nytta til juletrefestar, misjonsbasarar med meir. Det vart ofte dekka langbord og servert rømmegraut og lefse. På 80-talet var det ikkje lenger skule på Borsholm, men bygningen vart lånt ut til Folkeakademiet som blant anna hadde vevkurs i huset.
Gunnar Risnes kjøpte huset i 1969. Huset har vorte restaurert og gjort om til fritidsbustad.
Foto
- Europeana.eu: Skuleborn i Borsholm skule ca. 1954. Oddlaug Holten var lærar og tok biletet. Her er dei 8 borna oppstilte framfor skulehuset. Skulen vart nedlagd i fyrstninga av 60-åra. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Europeana.eu: Skuleborn i Borsholm skule 1942-1943. Borna i dei eldste klassane hadde handarbeid. Desse jentene har sydd seg rutete kjolar og syntes dei var veldig fine. Då skulen var ferdig, hadde dei avslutning og tok bord og stolar ut for å kose seg. Lærar for både den vanlege skulen og syskulen var Gjertrud Ytrefjord. Guten som er med er Kåre Åsmul, bror til Kristin Åsmul. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Europeana.eu: Gruppe, Borsholm 1952-1953. Borsholm skule på skuletur til Sakrisøyna. Elevane frå denne skulen var på tur til denne øya fleire gonger. Bondekona på øya serverte alltid rømmegraut når dei kom ut dit. Petter Sellevoll var fast skysskar og oftast var foreldre med. Her er borna, lærarinna, foreldre og fastbuande samla. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Europeana.eu: Gruppe, Borsholm 1954-1955. Borsholm skule på skuletur til Ytre Skorpa i Storakersundet. Ei einsleg kvinne, Anna Skorpen, budde der. Ho sit heilt til høgre på biletet og snur seg bort. På sine eldre dagar vart ho folkesky og likte ikkje å bli fotografert. Borna syntes det var fint å kome ut der. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder
Prenta kjelder
- Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
- Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Per Bygnes