Brautaplassen under Giskehaug
Brautaplassen var ein husmannsplass under garden Giskehaug (Øggern) i Stranda kommune og låg tett attmed bygdevegen til Opshaug. Plassen er flat, og det er inga braut i nærleiken, men årsaka til namnet er at første husmannen på plassen kom frå Brautaplassen i Liabygda. Siste husmann på plassen var Olave Karlsd. Fausa (1838-), og plassen blei lagt inn under bruk nr. 3 etter at ho flytte. Seinare blei Brautaplassen særskild matrikulert med gards- og bruksnr 19/6.
Brautaplassen under Giskehaug | |
---|---|
Stad: | Stranda |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Stranda |
Gnr.: | 19 |
Bnr: | 6 |
Litteratur
- Kjølås. Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954.
Eksterne lenker
- Gidskehaug i folketelling 1900 for Stranda herred fra Digitalarkivet