Bykle
Bykle er ein tettstad og administrasjonssenter i Bykle kommune. Staden kallast óg Bykle kyrkjebygd eller berre Kyrkjebygdi etter Bykle gamle kyrkje som har stått i sentrum av bygda sidan 1600-talet. I 2004 tok Bykle kyrkje rett ved sida av gamlekyrkja over som soknekyrkje for Bykle sokn. Det er noko over 200 innbyggjarar i tettstaden (2012).
Stadnamnet kjem frå garden Byklum, som i sin tur har det frå vatnet Bykil. Tydinga er ikkje heilt liketil, og er drøfta nærare i artikkelen om garden.
Bygda ligg på delar av eigedomane til tre matrikkelgardar: Den allereie nemnde Byklum, Mosdøl og Gjerden.
Galleri
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012