Byklum (Bykle gnr 14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byklum
Byklum 001.jpg
Xylografi av August Schneider i Skilling-Magazin 1866. Teiknaren har teke seg ein del kunstnarleg fridom, skjønar me, men den næraste garden lyt vera Utistog, og det neste tunet er Innistog. Leonhard Jansen skaffa kopien av biletet.
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Type: Gardsbruk

Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda.

Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.»

Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder.

Mugg'e Byklum

Såleis har Johannes Skar skrive eit langt stykke (Gamalt or Sætesdal I, 237 f) om ein kar som skal ha vore rudkallen i Byklum, han som fyrst bygde garden. Denne mannen heitte Mugg Byklum. Me hermer eit par avsnitt:

Mugg'e Byklum rudd' upp å husa i Byklum. Han sett' upp so svært a lopt. Syddin hoggj' 'an i tuptinn'. Veggjinn' hoggj' 'an i Byklelii å bar dei heim å herinn; han vassa Ottre - de va gule fossen. Dei spurde kvi 'an kjøyre 'kji stokkann'. Mugg'e la ti me heste'. Han lesste på 'an a håv tylvt, so som 'an sjav'e va vani ti drage. Men 'an knita de alli. «E du so roten», sa Mugg å tok 'an i beisleringann'; då sleit han hovu' av heste.

Honnsteinann' før' 'an o Øyrevikjinn' å 'n stut'e. Me Lunden kom 'n kristen mann. Han krossa seg ive klyvinn'. Då rauk ryggjen av å stute. So vurte steinann' liggjandi me Lunden. De e «Muggsklyv».

Mugg'e muste me raudt å grønt klæi; de va so de lysti i suo.

Der va so grumt me beiti i Byklelii. So ville Mugg'e leggje bru - de va me «Bruhylen» 'an tenkti. Landskoti klyvja'n på 'n stut'e; åbandsekkjen sill vere grjotkjer. Då spratt soli - då rauk ryggjen av me sam' 'u stakk innå stuten. No liggje steinann' der ti a bisn.

Såleis held det fram vidare. Mugg var stor og sterk som eit troll. Alt han bygde var ovstort og hatten hans tok 6 nottungar. Han sette mange merke etter seg på garden, det er m.a. «Muggsloptet», «Muggsvogge», «Muggsklyv» og «Muggsåker». Sjølvsagt er forteljingane om Mugg eventyr, eller villsegner, om ein vil, men dei har vorte fortalde gjennom lange tider, og kven veit om ein ikkje attom alle eventyrdraga kan skimte eitt og anna av historisk røyndom?

Muggsloptet under restaurering i 1998. Han som ser til torva er Alf Helge Vatnedalen. Bilete frå Ingebjørg K. Byklum.

Muggsloptet er iallfall ein realitet, der det framleis står i Innistog. Det vert tidfest til å vera eldre enn 1350, og dersom det nå verkeleg var ein Mugg Byklum som sette det opp, så må den mannen ha livd då. Men garden lyt, som me har vore inne på, vera endå langt eldre, så at Mugg skulle vera fyrste rudningsmannen, kan ein nok sjå bort ifrå.

Frå gamalt vart Byklum rekna å ha ei landskyld på 4 huder. Dermed var denne garden den einaste såkalla «fullgarden» i Bykle. Dette skulle ikkje så lite til, og i 1624 var både Vatnedalen og Hoslemo underbruk under Byklum. Hoslemo vart framleis ført under Byklum i matrikkelframlegget frå 1723, jamvel om det då hadde vore ein eigen gard i aldri så lang tid.

Den eldste verestaden er heilt sikkert Innistog, bnr 1, og den fyrste drifts- og bustadeininga me nokså sikkert kan rekne med har vore utskilt er det som vart kalla Lunden. Ein høyrer også gjete noko som vart kalla Bykletveit, men om det var eit bruk eller berre namnet på eit visst område innanfor gardsvaldet, er meir på vona.

Den fyrste delinga etter utskiljinga av Lunden, var, etter det me kan skjøne, ei tredeling. Det vil seia at me meiner at Utistog, bnr 2, og Austistog, bnr 7, vart kløyvde ut frå hovudbølet i ein operasjon, som me vil tidfeste til kring 1650. Uppistog, bnr 5, fylgde hakk i hæl på dei tre fyrste, men det er likt til at heile garden då vart dela opp på nytt lag, slik at det er uråd å seia at Uppistog har gått ut frå eitt av dei eldre bruka, det gjekk ut frå heile Byklum.

Også Lunden lyt ha vore med i denne delinga tilliks med dei hine, slik at det for ei stund var 5 jamstore driftseiningar. Sidan kverv det sistnemnde bruket or kjeldene, og me vil då tru at det gjekk opp i, og vart dela imellom, dei 4 andre. Dette gjekk fyre seg etter 1670, men fyre 1690.

I 1723 var det 5 bruk. Rett nok er det oppført 7 i matrikkelframlegget frå det året, men det eine er Hoslemo, som ikkje høyrde hit anna enn på papiret, og eit anna var ein part med skyldeige som vart bruka i hop med Gjerden Der inne, og som snautt var noko eige bruk i Byklum. Det siste bruket i 1723 er Torsbu. Dette lyt me rekne for nytt ved det leitet, ettersom det tykkjest ha vorte utskilt i 1711. Om det er noko samband mellom Torsbu og det gamle Lunden er uråd å avgjera sikkert, men iallfall er den tanken nokså nærliggjande. I denne boka er Torsbu handsama under Mosdøl, avdi det er matrikkelført der.

Dei 4 hovudbruka frå 1723 var Innistog, Utistog, Austistog og Uppistog. Dei tre fyrste hadde fellestun, som låg i øvre enden av det gamle storåkerlendet på garden, Muggsåkeren. Staden der det gamle fellestunet låg vert framleis kalla «Tuptine». Muggsåkeren var dela mellom dei tre hovudbruka i tunet. Det fjerde hovudbruket, Uppistog, låg litt ovanfor dei tre hine, og åtte ikkje noko i sjølve Muggsåker. Derimot hadde dette bruket «Ekra», som låg innåt Muggsåker og altså delvis hekk i hop med han. Teigane i Muggsåker heldt fram inn i hovudtunet, slik at kvart bruk hadde sin avgrensa tunpart, og fjosa var såleis plasserte at hevdedraget kunne sige nedetter den åkerteigen som høyrde bruket til.

I 1821 kom ei lov om utskifting. Truleg er dette noko av bakgrunnen for at husa i Innistog i 1835 vart flutte ut frå det gamle tunet i Tuptine, og sette oppatt der dei nå ligg. Nokre år seinare vart også tunet i Utistog flutt dit det ligg i dag. I 1906-07 vart det halde utskifting av innmarka på garden, og i samband med denne utskiftinga fekk Austistog tildela det meste av det dåverande Lunden, som lenge hadde vore eit sams innmarksområde. Austistog-tunet vart då flutt dit, og ligg kanskje omlag der det gamle Lunden hadde tunet sitt.

Husmannsplassen Juvet vart skilt ut ifrå Utistog i 1848 og fekk bnr 4, medan plassen Lii (eller Streitebakk) vart skilt ut frå Utistog i 1879 og fekk bnr 3, og Uppistog, som sjølvsagt var eit langt eldre bruk enn dei sistnemnde, fekk bnr 5. Plassen Kroné vart skilt ut ifrå Uppistog i 1863 og fekk bnr 6, medan det eldre bruket Austistog sidan vart bnr 7. Vidare ser me at Kultran, som har bnr 8, kom til ved ei tvikløyving av Austistog i 1844. Bruksnummerrekkjefylgja kan virke tilfeldig.

Eit par plassar under Innistog, Heggjeslettune og Plasset, vart rudde og busette kring 1860, men gjekk sidan attende til hovudbruket, og kom aldri til å verta matrikulerte som eigne einingar. Det same gjeld ein Innistog-plass som heitte Hytta. Den fjerde Innistog-plassen, Listog, vart busett i 1904 og utskilt til småbruk i 1941, men ikkje matrikulert som eiga eining fyrr i 1979, noko som forklarar det høge bruksnummeret til den verestaden.

Haugebakk var ei hustomt med ein jordflekk innåt som vart selt ifrå Kultran i 1883, men aldri har vorte matrikulert, trass i at det framleis er ein sjølvstendig eigedom.

Vidare var det ei rekkje delingar utetter 1900-talet. Fram til 1942 resulterte dei fleste av desse i småbruk. Nokre av dei var nye, andre var gamle plassar som vart matrikulerte til eigne bruk.

Sidan har det vorte dela ifrå ein god del bustadtomter.

I tabellen nedanfor har me sett inn alle dei busette einingane, både matrikulerte og umatrikulerte. Matrikulerte einingar utan busetnad er i hovudsak ikkje med.

Bruk, plassar og tomter under gnr 14 Byklum

Bnr Bruksnamn Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.- år Kategori Etabl.- år
1 Innistog 313 Heile Byklum 1665 gardsbruk fyre 1350
Lunden Heile Byklum gardsbruk fyre 1600
2 Utistog 412 Heile Byklum 1665 gardsbruk ca 1650
3 Lii 2 bnr 2 Utistog 1878 småbruk plass 1875
4 Juvet 43 bnr 2 Utistog 1848 plass ca 1836
5 Uppistog 208 heile Byklum 1665 gardsbruk ca 1660
6 Kroné 4 bnr 5 Uppistog 1863 småbruk plass 1840
Haugo bnr 5 Uppistog plass 1846
7 Austistog 157 heile Byklum 1665 gardsbruk ca 1650
8 Kultran 151 bnr 7 Austistog 1844 gardsbruk 1844
Heggjeslettune bnr 1 Innistog plass 1858
Plasset Heggjeslettune plass ca 1860
Hytta bnr 1 Innistog plass ca 1868
9 Tveitvodd 10 bnr 5 Uppistog 1905 småbruk/butikktomt butikk-tomt 1886
Haugebakk bnr 5 Uppistog småbruk 1883
10 Nistog 41 bnr 5 Uppistog 1910 småbruk 1910
11 Solhaug 1 bnr 8 Kultran 1910 butikk-/hotelltomt 1908
12 Holti 10 bnr 7 Austistog 1912 småbruk påemna plass 1866
20 Fådapen
(Evre Juvet)
6 bnr 5 Uppistog 1914 småbruk 1914
21 Øystre Haugen 1 bnr 5 Uppistog 1917 småbruk 1890-talet
22 Neire Haugen 1 bnr 5 Uppistog 1919 småbruk plass 1874
23 Lii 2 bnr 2 Utistog 1919 småbruk plass 1875
24 Hagen 2 bnr 5 Uppistog 1922 småbruk plass 1882
25 Solbakken 1 bnr 8 Kultran 1925 butikktomt tomt 1921
27 Storemyr 10 bnr 2 Utistog 1929 utmarksteig 1929
28 Kosi 1 bnr 8 Kultran 1929 småbruk plass 1885
29 L/L Bykle handel 1 bnr 1 Innistog 1930 butikktomt 1930
30 Evre Haugen 1 bnr 5 Uppistog 1942 småbruk ca 1894
36 Solheim 1 bnr 2 Utistog 1964 bustadtomt 1945
39, 62 Lislestog 1 bnr 5 Utistog 1967, 1995 bygdetun m.v. butikktomt 1883
37 Muren 1 bnr 5 Uppistog 1964 bustadtomt 1964
41 Systog bnr 30 Evre Haugen 1972 bustadtomt 1972
44 Øvre Systog bnr 41 Systog 1974 bustadtomt 1974
51 Steinane
(Signeshus)
1 bnr 1 Innistog 1979 bustadtomt 1932
54 Listog 9 bnr 1 Innistog 1979 småbruk plass 1904
65 Kyrkjelii 3 Gnr 13, bnr 10 2000 bustadtomt 2000
66 Myri 1 bnr 12 Holti 1999 bustadtomt 1999
67 Myri 10 bnr 12 Holti 2000 bustadtomt 2000
68 Myri 2-8 bnr 12 Holti 2000 bustadtomt 2000
70 Myri 3 bnr 12 Holti 2001 bustadtomt 2001

Dermed skulle me ha eit grovoversyn over utviklinga, og kan då gå over til å sjå på dei einskilde bruka og dei som budde der.

Den udela garden

Bjørn Jonsson heitte ein mann. I det Herrens år 1504 fekk han tinglyst skøyte på 25 markebol skyldeige i Byklebø (= Byklegarden, dvs. Byklum), som han då hadde overteke frå Gunnar Roaldsson og Askjell Gunnarsson. Av desse 25 markebola hadde han kaupt 20 markebol for 7 mark gull og ein hest, men dei siste 5 markebola, som låg i ein del av garden som vart kalla Bykletveit, hadde han fått i skadebot avdi Askjell hadde hogge han i handa, står det.

Vidare lyt nemnast at om det i og for seg kan tykkjest truleg, det ein kan lesa i den gamle gards- og ættesoga (118), at området kring det som nå heiter Tveitvodd svarar til det gamle Bykletveit, så er det nok berre ei gjeting ut ifrå namnelikskapen. Om Askjell Gunnarsson budde der, og om Bykletveit var eit bruk i Byklum i 1504 kan ein altså ikkje vita. Det som står i brevet er berre at Askjell åtte ein part i Byklum, og denne parten vert omtala som Bykletveit. Eigedomsforma på denne tid, og godt ut på 1600-talet, var eit partseigarsystem, der fleire eigarar bruka gardane saman, men om eigarpartane svara til klårt definerte brukseiningar er uvisst. Nokre gjorde kanskje det, andre truleg ikkje.

Ovannemnde Gunnar Roaldsson har me elles treft på i ein annan samanheng. Han var etter alt å døme identisk med farfar til Torgrim Olavsson, som overdrog Tveiti til Arne Tjodgeirsson i 1543 (sjå bolken om Tveiten, jfr. Valle V, 59 f). Dermed kan me slå fast at same mannen, og dermed same ætta, på 1500-talet hadde eigarinteresser i dei gjævaste gardane både i Nordbygdi og i Kyrkjebygdi. Men endå er det fleire gamle samband å finne.

Bjørn Jonsson, som overtok eigedomen i Byklum hjå Gunnar Roaldsson og Askjell Gunnarsson i 1504, er også nemnd i eit par eldre brev, frå 1478 og 1482. Liksåvel desse er skøyte, innhaldet i det eldre av dei er at Bjørn Jonsson i det nemnde året har kaupt halve Vatnedalen og halve Hoslemo hjå ein Asbjørn Helgesson, medan det yngre av dei, i fylgje det som vert opplyst i den gamle gards- og ættesoga (127), viser at Bjørn Jonsson i 1482 «kjøpte både Gjerden og Kylendet for 4 merker gull». «Kylendet» er nok eit gamalt artsnamn, men ingen kan i dag seia kvar den parten låg, i Byklum, Gjerden eller andre stader.

Kvar den omrødde Bjørn Jonsson budde er i røynda uvisst, og me veit heller ikkje noko om borna hans, men når me treffer på ein annan Bjørn Jonsson med eigarinteresser i Byklum mot slutten av 1500-talet, er det nærliggjande å gjeta på at her kan vera ein skyldskap. Den sistnemnde Bjørn Jonsson var brorson åt ein Kjetil som åtte Byklum, men berre stundom budde her, og Alfred Ryningen har i Vallesoga peika på overtydande grunnar til å meine at denne Kjetil var ein son åt Augund Olsson i Uppistog Hovet i Hylestad (Valle I, 221 og II, 170 f, jfr. 176). Diverre ser det ikkje ut til å vera mogeleg å påvise ættesambandet mellom eigarane av Byklum frå byrjinga av 1500-åra og dei me møter mot slutten av hundreåret. Me trur likevel at det har vore eit samband til stades, men har ikkje funne virke til å greie det nærare ut.

I den gamle gards- og ættesoga (108) les me at «det ser ut som Kjetil Byklum var frå Jåro, og at han fekk garden med kona». Ein skal ikkje sjå bort ifrå at han kan ha gift seg til garden, men me har ikkje sett noko som tyder på at han kom frå Jåro, og vil difor fylgje Vallesoga når det gjeld opphavet hans.

  • Kjetil Augundsson Hovet, d fyre 1580-85
g m ukj. Born, iallfall:
  • Jon, d fyre 1580-85, gm ukj, son Bjørn, sjå nedanfor
  • Torjus, d fyre 1580-85
  • Åsmund, g m Ingebjørg Tallaksdtr., sjå nedanfor
  • Sigrid, g m Gunnar Torleivsson Straume, Hylestad, sjå Valle I, 221
  • Tore, g 1. m Jon Augundsson Homme, d fyre 1594, g 2. 1595 m Tarjei Åvoldsson Gjerden, sjå Gjerden, gnr 15
  • Åshild, g m Gjermund Asbjørnsson Rike (?), sjå Valle IV, 178.

Grunnen til at me kjenner namna på alle desse syskena er at Kjetil var grunnrik, og at borna var usamde om arven. Difor fekk Åsmund Kjetilsson og Bjørn Jonsson, det var ein gong på 1580-talet, skrive eit langt og heller snirklute brev til statthaldar Axel Gyldenstjerne, der dei ba han om å hjelpe dei med å stemne dei tre systrene åt Kjetil til eit lovformeleg skifteoppgjer. Brevet ligg i dag i gardsarkivet i Innistog.

Me må her skjote inn at ei stemning på denne tid vart rekna for å ha større vekt i retten, di høgre ein gjekk i styringsverket etter hjelp. Det vanlege var å vende seg til futen, men det var betre om ein kunne skaffe seg lensherrens stemning, og statthaldaren på Akershus var då endå mykje gjævare.

Brevet frå Åsmund og Bjørn til statthaldaren er diverre sundrive og uheilt, så me får berre med oss delar av innhaldet i det. Men det går iallfall fram at Åsmund og syskena hans åtte Byklum, ein stor part (1 1/2 hud) av Gjerden, ein unemnd gard til som hadde ei landskyld på 4 kyrlag (kanskje var det Hoslemo?), og dertil Vatnedalen, som på denne tid låg øyde. Vidare legg me merke til at Jon og Torjus, dei eldre brørne åt Åsmund, ikkje er nemnde som partar i saka, så me torer vel tru at dei må ha vore døde då brevet vart skrive, og ettersom det er tale om farsarv, lyt også Kjetil ha vore avliden fyre det tidspunktet.

Korleis det gjekk med saka vidare er ikkje kjent. Det me ser er at det var berre to oppsitjarar i Byklum i perioden 1610-1621, og at dette var ovannemnde Åsmund og Bjørn. Dette tyder vel på at dei fekk det som dei ville med saka si på 1580-talet.

Den neste kjelda me skal sjå på er odelsjordeboka frå 1624. Dette eigedomsoversynet fortel at Åsmund i det nemnde året åtte 3 huder og 4 1/2 kalveskinn (= 40 1/2 kalveskinn) i «Byklum med underliggende Hoslemo og Vatnedalen». Vidare hadde Tarjei Åvoldsson Gjerden 1 1/2 skinn, står det, og i tillegg kom då dei 6 skinna som me veit var i kyrkjeeige.

Når me veit at heile garden var på 4 huder eller 48 skinn, skulle det då ikkje vera plass til fleire eigarar, men så fører jordeboka også opp ein Gunnar Lunden. Om han heiter det at han åtte 15 skinn i Lunden og 3 til i Gråmannshus, og det kunne kanskje tyde på at han budde i Lunden i Valle. Men den tanken har den haken ved seg at Gunnar står oppført i jordeboka mellom Åsmund Byklum og Såve Mosdøl, og det peikar mot at han budde i Bykle, og det er heller ikkje omtala nokon Gunnar i Lunden frå denne tida i Vallesoga (jfr. bd VI, 404ff). På toppen av dette har me endeleg ei rettssak frå 1624 og frametter, som me kjem attende til nedanfor, og her vert det fortalt om ein Gunnar Lunden, som budde på ei brukseining som ikkje godt kan ha lege andre stader enn i Byklum. Då lyt me sjå det som stadfest at det er han odelsjordeboka plasserar som eigar av 15 skinn i 1624, og at desse skinna låg i Byklum. Men då kjem ein opp i ei samla skyld på 62 skinn eller 5 huder og 2 skinn, og det er 14 skinn meir enn det var i garden, så her lyt det nødvendigvis vera noko gale.

Nå er det også slik at landskattelistene frå 1623 og 1624 fører opp at ei enke Margit då åtte 1 1/2 hud i garden, og eit skøyte frå 1642 fortel at sønene åt Åsmund då kaupte att denne parten frå ervingane hennes. Endå sto det ute ein part på 1/2 hud som vart innløyst i 1653. Dette tyder på at Åsmund i røynda berre sat med 1 1/2 hud i 1624, og me torer då tenkje at utfallet av den rettssaka Åsmund Kjetilsson og Bjørn Jonsson sette i gang med på 1580-talet, var at dei vart sitjande med 1 1/2 hud kvar. På denne bakgrunnen oppfattar me det som ei feilføring, når Åsmund i odelsjordeboka er oppførd med 3 huder 4 1/2 skinn.

Vidare vil me tenkje at enka Margit frå 1623 og 1624 var enke etter Bjørn Jonsson, og at dei hadde budd på den parten av garden som vert kalla Lunden. Men etter den fyrrnemnde odelsjordeboka frå 1624 var det det året Gunnar Lunden som hadde denne denne parten det året. At han budde der er det ingen tvil om, men om han i røynda var eigar eller leigar, kjem me attende til i bolken om Lunden. I denne omgangen skal det handle om han som sat med hovudbruket:

  • Åsmund Kjetilsson Byklum, n 1580-85, 1624, d fyre 1644(?)
g m Ingebjørg Tallaksdtr., n 1645. Born, iallfall:
  • Jon, g m Birgit Olavsdtr. Brokka, Skafså, sjå Innistog, bnr 1 nedanfor
  • Folke, g m N N Tallaksdtr. Berg (?), sjå Utistog, bnr 2 nedanfor
  • Knut, f ca 1601, n 1644-66 sjå Utistog, bnr 2 nedanfor
  • Dotter NN, g m Tarjei Gjerden, sjå Gjerden.

At Ingebjørg Tallaksdotter hadde vore kona åt Åsmund Kjetilsson, har me ikkje sett nokon stad skrive, men det var ei enke i Byklum med dette namnet som svara koppskatt i 1645, medan dei tre sønene åt Åsmund er oppførde som eigarar av garden både fyre og etter det året, og då lyt me tru at Ingebjørg var mor deira. Kvar ho kom ifrå, veit me ikkje, men me kjenner berre til to Tallak-ar i Bykle på denne tid, som kan ha vore far hennes, og dei budde båe i Stavenes, den eine i Nordstog og den andre i Utistog. Tallak i Utistog virkar mest sannsynleg. Om Ingebjørg i røynda var dotter hans, let seg nok ikkje avgjera sikkert, men i så fall hadde ho ei syster som var gift med Niklos Åkre i Valle (jfr. Valle IV, 119).

Då straffeskatten vart innkravd i 1615 vart Åsmund Byklum registrert med dei fylgjande eignelutene (som han laut gjeva halve verdet av i skatt):

  • Reide pengar (7 riksdalar)
  • uteståande krav (21 rd.)
  • 43 lodd sylv (18 rd. 2 ort 7 skill.)
  • 1 liten ljosestake (12 sk.)
  • 5 pund kopar (15 rd)
  • 2 små gryter (1 rd 3 ort 12 sk.)
  • 2 øksar (3 ort 12 sk.)
  • 1 takke (3 ort)
  • 3 nye tjeld (2 rd 1 ort)
  • 3 halvslitne tjeld (1 rd 1 ort)
  • 4 slitne sengefellar [fyddor] (1 rd)
  • 4 halvslitne sengeklede (2 rd 3 ort)
  • 4 utslitne tjeld (2 ort 12 skill)
  • 1 børse (4 rd)
  • 1 gamal tessak [= infanterisabel] (3 ort)
  • 1 gamalt spjut (1 ort)
  • 1 våpenøks (2 ort)
  • 1 toårsgamal fole (3 rd 2 ort)
  • 1 hest (7 rd 2 ort)
  • 7 kyr (21 rd)
  • 6 kviger (14 rd 2 ort)
  • 10 kalvar (8 rd)
  • 2 geiter (1 rd)
  • 4 kje (2 ort 12 sk.)
  • 20 sauer (10 rd)
  • 7 fjorlam (1 rd 3 ort)
  • 13 sumarlam (1 rd 3 ort)
  • 1 gris (1 rd)
  • 1 gamalt spett (1 ort 12 sk.).

sorenskrivaren rekna dette i hop etter 4 ort i dalaren og 24 skilling i orta, kom han til ein sum på 148 rd. 1 ort og 1/2 sk. Han rekna ikkje heilt rett ser me, det rette skulle vera 149 rd 1 ort 19 skill, så han fekk 1 rd 18 skill for lite. Snodigast er likevel den halve skillingen, som tykkjest vore henta or lufta. Då skrivaren dela summen sin på 2 for å finne skatten Åsmund skulle ut med, fekk han 74 rd 12 skilling 3 peningar, som er nesten rett, berre 1 pening (=1/8 skilling) for mykje.

Rikaste mannen i Bykle

Etter straffeskattelista å døme var Åsmund utan samanlikning den rikaste mannen i Bykle. Jamvel om denne lista kanskje ikkje er den mest pålitelege mælestaven, er det interessant å leggje merke til at han måtte ut med meir enn dobbelt så mykje som dei som kom etter han på lista, Tarjei Gjerden og Svein Trydal, og at han åleine måtte yte bortimot tredjeparten av den samla straffeskatten i Bykle, som var på omlag 250 rd.

I den fyrromtala odelsskattelista frå 1624 går det fram at Åsmund i tillegg til eigedomen sin i Byklum også sat med ein part på 1 hud i Rygnestad.

Åsmund Kjetilsson er siste venda nemnd i skattelistene i 1643, og me reknar med at han må ha vore død kort etter dette. Dermed har me fått plassert han nokonlunde i tida, men endå er det sumt å fortelje om han. For det fyrste lyt me få med oss han var lensmann i Bykle («i Byglum») på 1580-talet. Det er interessant at Bykle då hadde eigen lensmann, ettersom det stadfester det me har sett i andre bygdelag, at det mot slutten av 1500-åra kunne vera lensmann i kvart kyrkjesokn (jfr. Olsnes. Aa.: Kviteseid-soga, III, 1987, 289). Like etter 1600 vart lensmannsdistrikta større, og fall då helst i hop med prestegjelda. Såleis også i våre bygder, der Olav Taraldsson Brokka vert omtala som «lensmann i Setesdal» frå 1603 og frametter (jfr. Valle II, 347 ff).

For det andre må takast med noko om ein eigedomstvist Åsmund var ute i på 1620-talet. Kjeldematerialet her er ei rettsakt som er prenta i sin heilskap i den gamle gards- og ættesoga (276-285). Originalen ligg i gardsarkivet i Innistog, men den prenta avskrifta er korrekt. Denne saka, som byrja i 1624, ser i utgangspunktet ut til å vera eit framhald av same saka som hadde vore framme på 1580-talet, og gjaldt då i røynda eigedomsretten til Lunden, som etter det me kom til ovanfor har vore halve Byklum-garden. Men etter kvart kom ho til å flytje seg langt unna utgangpunktet, og handla då om heilt andre spursmål.

I 1624 stemnde Åsmund Kjetilsson og Kjetil Bjørnsson, som omtalar seg sjølve som «brødresønner» nokre «fadersøstersønner», som dei påsto dreiv og trengde dei ut frå delar av farsarven. Om ein las dette bokstaveleg, ville ein fort koma til å tru at Åsmund og Kjetil sa seg vera søner av to brør og altså syskenborn, men meininga med formuleringa var nok berre å poengtere at dei båe var av mannslina og difor hadde den beste odelen. På denne bakgrunnen vil me meine at brevteksta ikkje nødvendigvis medfører at Kjetil Augundsson må ha hatt ein bror som heitte Bjørn, som me elles ingen stad har høyrt gjete. Men då vert det også rimeleg å gjeta på at Kjetil Bjørnsson kan ha vore ein son åt Bjørn Jonsson.

Men når Åsmund nå fyrst skulle taka rettsapparatet i bruk, tok han med det same opp eit spursmål til. Inntil då, skreiv han, hadde han bruka ein part i garden sin som høyrde Valle sokneprestembete til. Denne parten hadde han leigd av sokneprest Nils Pedersøn, påsto han, men nå var det nokså uklårt kvar grensene gjekk mellom det som var kyrkjejord, og det Åsmund åtte sjølv. Dette ville han gjerne få orden på, og han bad difor om at deildene måtte verta ettersett og oppmerkte, slik at kvar kunne vita kva han åtte og ikkje.

Det ser ut til at det ikkje var særleg klokt av Åsmund å reise dette spursmålet, for dermed sette han tydelegvis tankar i sving i hovudet på presten. Nokre månader etter at stemnebrevet åt Åsmund og Kjetil var skrive, stemnde difor presten Åsmund Byklum, Gunnar Lunden og Såve Mosdøl, og påsto at dei hadde bruka både jorda hans i Byklum og nokre støylar atti marka uløyves. Noka leigeavtale kjende han slett ikkje til, sa han, og ikkje hadde han fått så mykje som ein skilling i vederlag. Når nå presten vart motpart i saka, kom kanskje det opphavlege søksmålet mot «farsystersønene» utor fokus, iallfall står det ikkje meir om det i dei tilgjengelege kjeldene. Men saka med soknepresten vart førd til endes, ser me.

Fyrst vart det halde deildegang, der deildene for dei omstridde teigane vart fastsette. I neste omgang la Åsmund Byklum fram det ovanfor refererte skøytet til Bjørn Jonsson frå 1504. Åsmund hadde aldri nekta for at Krossteigen, som frå gamalt hadde vore tre teigar, Kyrkjeteigen, Krossteigen og Kongsteigen, var kyrkjeige, sa han, og liksåvel støylane Listøyl og Leirfall høyrde prestebordet til, vedgjekk han. Såve Mosdøl og Gunnar Lunden samstemte i dette.

Dermed skulle ein vel tenkt seg at saka kunne ha gått til minneleg forlik, men så enkelt var det ikkje, synte det seg. For Åvold Tarjeisson Gjerden vitna at han hadde bruka Krossteigen i Byklum attåt sin eigen gard i Gjerden, etter at Åsmund hadde gjeve denne teigen som systerlut til mor hans i erveoppgjeret etter Kjetil, og det utan å mæle ordet om at det var kyrkjeeigedom, og Gunnar Lunden fortalde at han hadde bruka «den Listøyl som dei kallar Prestestøylen», som rett nok utan tvil høyrde til prestebordet, men utan å gjeva det aller minste i leige eller landskyld. Dette ville nå presten ha erstatning og bot for, med full etterbetaling av leige for den tida bøndene hadde bruka eignene hans uløyves.

Domen vart i samsvar med presten sine påstandar. Men dermed var ikkje saka ute or verda, for Åvold Gjerden var arg på morbroren avdi han hadde måtta leige Krossteigen av presten, og dertil yte erstatning for mange års uløyves bruk og endå sakskostnader. Difor fekk Åsmund Byklum eit par år seinare eit nytt søksmål på seg. Her kravde Åvold at Åsmund skulle erstatte han dei utgiftene saka med presten hadde påført han. Også Åvold fekk det som han ville:

{{Osmund bør att igiengive til Ovild Gierden alle [...] Penge hand for Krossteigen till Kongelig Mayeztet udgivet haver, saa och for [den] Bekostning hand derpaa haver anvendt.}}

Også denne saka kan ha vorte nokså dyr for Åsmund, men me veit ikkje kor dyr ho vart. Det som er heilt visst er at han ein eller annan gong fyre 1642 har måtta sleppe halve garden ifrå seg, men som me har freista å grunngjeva ovanfor, er det truleg at han hadde berre 1 1/2 hud i 1624, så då førde nok ikkje tapet i den sistnemnde saka til avgjeving av fast eigedom.

Iallfall fekk dei tre åsmundssønene, Jon, Folke og Knut, i 1642 saman skøyte på 1 1/2 hud Byklum-eigedom frå ein Torleiv Taraldsson på «Mo i Mo sokn» (Prestegarden?, jfr Mo bygdebok I, 174). Denne gardparten hadde Torleiv fått som arv etter Margit Byklum, står det, og det ser ut til at han har vore bortsett til brukarar. Desse meiner me sat i Lunden, og me viser difor til bolken om det bruket.

Dei tre åsmundssønene åtte i fylgje den prenta kontribusjonsskattelista frå 1647 på den tid 10 kalveskinn kvar i Byklum, og dertil ei halv hud i Hoslemo, så dei hadde 11 1/3 skinn kvar, i alt 34 skinn. Den skylda er dei også oppførde med i 1649. I 1651 er dei oppskrivne med 13 1/2 kalveskinn kvar, og i 1659, då Gunnar Rolvsson i Lunden hadde ei halv hud, skal åsmundssønene ha sete med 12 skinn kvar (og kyrkja med 6 skinn).

Etter ei jordebok frå 1661 var det framleis berre tre brukseieingar og tre bønder i Byklum, med ei samla skyldeige på 42 skinn. Oppsitjarane i 1661 var Olav Jonssson i Innistog, Kjetil Folkesson i Utistog og Knut Åsmundsson i Austistog. Dette tek me som teikn på at både Jon og Folke Åsmundssøner då var døde, og at sønene deira hadde teke over.

Når me så går over til å sjå på manntala frå 1664-1666, ser me at talet på brukseiningar tykkjest auke. I 1664 og 1665 var det berre 3 av dei, men i 1666 var det 5. Ser me på namna på oppsitjarane så var det framleis Kjetil, Olav og Knut til og med 1665. I 1664 vanta rett nok Knut, men han kom innatt året etter. I tillegg til desse vart Ånund Jonsson, som helst må ha vore bror åt Olav Jonsson, oppskriven som oppsitjar i 1664. Han er sidan ikkje med i manntala, men kjem innatt i jordeboka frå 1670. I 1666 kom det to nye gardbrukarar. Den eine heitte Tarjei, og var truleg son åt Knut Åsmundsson, den andre heitte Olav, og det spørst om ikkje han var Olav Gunnarsson.

Dei tre oppsitjarane i manntalet frå 1665 bruka då 1 hud og 4 kalveskinn (= 16 kalveskinn) kvar, dvs. 48 kalveskinn i alt, så dei har altså også bruka kyrkjeeigedomen, skjønar me. Men året etter, då det i fylgje prestens manntal var 5 oppsitjarar, og kvart av dei 5 bruka hadde berre 7 kalveskinn, vert summen berre 35 skinn. Forklaringa på den reduserte skylda tykkjest vera at Hoslemo har kome med som eigen gard i denne kjelda, og skylda der er trekt ifrå i Byklum, og at kyrkjejorda må ha vore bruka under Gjerden.

Som ein ser har me her nytta uttrykket «brukseining» og ikkje «bruk». Det er avdi me meiner at jamvel om kvar oppsitjar hadde sine luter og lunnende som han dreiv, så var det endå ikkje tale om fast definerte bruk i moderne meining. Viktigaste grunnen til at me vil oppfatte det på denne måten er at partane til alle oppsitjarane var like store i 1661 og 1666, anten det var 3 eller 5 brukseiningar. Dette tyder på at det har vorte gjennomført ei ny deling av heile garden, og dette var noko som greitt nok kunne gjerast så lenge det dreia seg om ideelle partar av ein elles udela heilskap, men som ikkje hadde vore så enkelt om det hadde vore gjennomført ei fysisk deling i terrenget.

Dei «nye» einingane i 1666 meiner me må vera Uppistog og Lunden, eller rettare sagt ein rest av det gamle Lunden, som var omlag dobbelt så stort som det femte bruket i 1666. Oppsitjaren på det femte bruket i 1666, som bruka nett like mykje i garden som dei 4 andre, heitte Olav. Han vert oppgjeven til å ha vore 26 år i 1666, og me trur at han kan ha heitt Olav Gunnarsson, og altså kanskje var son åt den Gunnar, som tidlegare hadde budd i Lunden. Dette er lite meir enn gjeting, men det fanst vitterleg ein Olav Gunnarsson. Me veit heilt sikkert at han budde i Attistog i 1664, og like sikkert er det at han sidan heldt til i Sygard Kveste (jfr Valle III, 207). Dette stemmer iallfall bra med at vår Olav på det femte Byklum-bruket i 1666 sidan ikkje er nemnd i Bykle.

Etter at han kverv or kjeldene tykkjest eigarpartane i Byklum å ha stabilisert seg såpass at det kan vera rimeleg å meine at garden har vore dela i 4 fast definerte bruk. Kva tid stoda vart såleis kan me rett nok ikkje avgjera nøyaktig, og i røynda lyt ein vel også tenkje seg at overgangen frå ideelle eigarpartar til fast definerte bruk var gradvis og flytande.

Det hadde tvillaust vore ein fyremon om me kunne handsama kvart bruk for seg frå eit tidspunkt der ein kunne slå fast at delinga var gjennomførd. Men avdi dette tidspunktet ikkje let seg fastsetje, og avdi det i alle høve vert altfor mange namn og ætteliner å halde styr på under eitt bruk utetter andre helvta av 1600-åra, skal me i framhaldet handsama kvart eining for seg attende til kring 1650. Dette treng ikkje vera så gale som det kan virke, ettersom her sikkert var nokonlunde separate drifts- og bustadeiningar tidlegare enn dette, og ettersom det er rimeleg å tenkje seg at det var Jon, Folke og Knut Åsmundssøner som etablerte fellestunet i «Tuptine». Men dei einingane som det her er tale om, var ikkje fastare definerte enn at skipnaden kva tid som helst kunne brigdast ved at ein ny brukar vart teken inn, eller ved at dei attverande brukarane kunne overtaka eigene åt ein som døydde eller flutte ifrå.

Noko heilt stabil oppdeling med faste grenser mellom samanhengjande bruk kan ein ikkje tale om fyrr etter utskiftinga fyrst på 1900-talet. Likevel vil me tru at bruka frå midten av 1600-åra vart oppfatta som eigne driftseiningar, om enn med heller flytande og skiftande overgangar frå det eine bruket til det andre.

Når me i den vidare framstillinga freistar å taka kvart bruk for seg (sjå tabell ovanfor) frå kring 1650, må ein altså ha in mente at dei bruka det dreiar seg om, den fyrste tida må oppfattast som ein slags mellomting mellom ideelle eigardelar og fast definerte bruk.


0941 Bykle komm.png Byklum (Bykle gnr 14) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sollid • Neste bolk: Innistog