Daniel Kjeppe
Daniel Kjeppe (Kreken) (fødd kring 1575, død kring 1654) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Det er uvisst både når han var fødd, når han døydde og kvar han kom ifrå, men Lars Øyane meiner han etter namnet må ha vore av Nordfjord-ætt.
Han vart truleg gardbrukar og leiglending på Kreken (Kjeppe) kring 1603. Han skal ha budd på garden resten av livet med unntak av åra frå kring 1612 til kring 1615 då han budde mellombels på Haugen.
Daniel var lensmann i Jostedalen i fleire periodar. I skattelistene er han nemnd som lensmann frå 1626. Den førre skattelista som nemner ein lensmann, er frå 1620-21 (Knut Åsen). Han skal òg ha vore nemnd i embetet både i 1622 og 1638 (Øyane). 3. januar 1631 var han med på å skrive eit brev om skatteevna i lag med lensmennene i skipreida Solvorn og Marifjøra. Kvitrud skriv at han var lensmann 1627-1638. Mellom 1622 og 1644 er ingen andre nemnde som lensmann, men i 1645 er det heilt sikkert at han ikkje var lensmann (sjå Sjur Paulson Kruna).
I 1645 vert det oppgjeve at han var gift, men korkje kona eller eventuelle born er kjende.
Litteratur
- Lensrekneskapar for Bergenhus til ca 1629 - ymse futerekneskapar, skattelister og jordebøker for Sogn (Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 519. (Digital utgåve, NBdigital)
- Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)