Dugningshaugen

Dugningshaugen er eit stadnamn i Atrå sokn, Tinn kommune i Telemark. Namnet vert uttala dunningshaugen, altså med -u. [1] Som sistelekken i namnet seier, var Dugningshaugen opphavleg namnet på eit høgdedrag som låg om lag der Atrå Samfunnshus ligg i dag. Seinare har namnet blitt knytt til ein plass i nærleiken av Atrå kyrkje, der det i dag står ei minnestøtte for å heidre folk frå Tinn som hadde forsvara landet i farne tider. Førstelekken i namnet – dugning – er etter alt å døme ei sideform av hankjønnsordet dugnad, som tyder arbeidshjelp, særleg i samband med samkomer mellom naboar for å løyse ulike arbeidsoppgåver i raskt tempo. Ordet dugning er kjent frå mange stader i landet.[2] Det verker altså sannsynleg å tru at Dugningshaugen har vore ein møtestad knytt til felles arbeidsoppgåver i bygda. Det har i tillegg vore nemnt, informerer namneforskaren Ragnar Dybdal, at ordet kan ha samanheng med doning = køyrereiskap, med den forklåring at kyrkjefolket i gamal tid plasserte hest/slede der. Men uttalen skulle da kanskje helst ha vore -o, som i doning. Lokalt er det også vanleg å tolke namnet slik at det tyder samlingspunkt eller møtestad i ei vidare tyding, det vil seie at staden har fungert om lag som ein kyrkjebakke for bygdefolket. Dugningshaugen låg heller ikkje langt frå Atrå kyrkje og på grunn som opphavleg har høyrt til prestegarden. Mangeårig ordførar i Tinn, Ole Knudsen, støtta opp under denne forklåringa og skreiv til dømes slik om Dugningshaugen i avisa Fremskridt i 1886:

Dansemoro på Dugningshaugen den 18. mai 1906. Dugningshaugen har opp gjennom hundreåra vore ein samlingsstad for bygdefolket i Tinn.
Foto: Ukjent fotograf/Per Espeland
Her er også en haug, som kaldes Dugningshaugen. Dugningen betyder egentlig en folkesamling, som mod at forbinde sig til at præstere en arbeidsdag, fik sig en lystig Aften, idet det nød god Beværtning af Mad og Drikke og ved siden deraf adskillig anden Lystighed. I mere uegentlig Betydning bruges Ordet om enhver noget større Samling af Mennesker. At Haugen har faaet ovenanførte Namn, skriver sig udentvivl fra, at endel Hestehandlere gjerne mødtes her på Prækendagene for at avslutte Handler, hvilket ikke saa sjeldent gikk for sig under selve Gudstjenesten. Efter samme strømmede en hel Del af den Kirkesøgende Almue hen for at se og høre, og det saa du som et Marked om end i det Smaa. Ved Brudevielser tog ogsaa gjerne Brudefølget der en rast. Spillemanden spillede op til Dands, og Brudeparets Venner og Veninder fik sig da som oftest en «Svingom» og en «Skjænk». Nu er hele dene lidet anstændige Trafik forbi.[3]

Litteratur

  • Espeland, Per: Atrå Samfunnshus 1960-2010, Styret for Atrå Samfunnshus 2011.
  • Aasen, Ivar: Norsk Ordbog - med dansk forklaring, Kristiania 1918.

Referanser

  1. Munnleg informasjon frå Ragnar Dybdal, 19.02.2015.
  2. Aasen 1918: s. 117.
  3. Gjengitt etter Espeland 2011: s. 4.

Koordinater: 59.98807° N 8.73467° Ø