Dyrlandsvegen (Seljord)
Dyrlandsvegen i Dyrlandsdalen i Åmotsdal i Seljord kommune går nordover i kupert jordbrukslandskap frå Åmotsdalsvegen i Dyrlandsgrenda der han deler seg i fleire greiner. Vegen kryssar Åmotsdalsåi på bjelkebru med tredekke.
Vegen har namn etter Dyrlandgardane og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no