Eidfjord Ungdomsklubb
Eidfjord Ungdomsklubb, Eidfjord i Hardanger, starta i oktober 1977. Dette var ein kommunal fritidsklubb som fyrst heldt til i kjellaren i ungdomshuset i Nedre Eidfjord. Klubben var for ungdomar i alderen 13-18 år og var open to kveldar i veka. På fredagane var det dans, og dessutan vart det laga til karneval og juleball.
På slutten av 1980-talet flytta klubben over til den nyoppussa Lægreid gamle skule.
Kjelder og litteratur
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, 2010, s. 392 og 396.