Eidfjord kommune
Eidfjord kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4619 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Eidfjord |
Areal | 1491.47 km² |
Areal land | 1393.13 km² |
Areal vann | 98.34 km² |
Folketall | 931 (2018) |
Grunnlagt | 1891 / 1977 |
Sammenslåing(er) | 1964: Ullensvang, eigen kommune att i 1977 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Eidfjord kommune er ein kommune inst i Eidfjorden i Hardanger i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Han grensar til vestlandsherada Voss i nord og Ullensvang i sørvest. Austom fylkesgrensa til Viken ligg hallingdalskommunen Hol og Nore og Uvdal i Numedal. Eidfjord kommune vart oppretta i 1891 då han vart skilt ut frå Ulvik. I 1964 vart Eidfjord slegen saman med Ullensvang, men vart eigen kommune att i 1977. Eidjord vart dermed ein av dei såkalla «skilsmissekommunane».
Kommunen er med sine 931 innbyggjarar (pr. 2018) ein av dei minste i fylket. Folketalet har vore nokolunde stabilt på 2000-talet, men ligg allikevel berre på 80 % av nivået i 1945. Kommunesenteret Eidfjord, som ligg ved munningen av Eio i Eidfjorden, har 539 innbyggjarar. Den andre tettbebygde staden i kommunen er Øvre Eidfjord ved sørenden av Eidfjordvatnet.
Om lag 90 % av Eidfjord kommune ligg over 900 moh. Hardangervidda, med Hardangervidda nasjonalpark, utgjer mestedelen av desse fjellareala.
Økonomisk utvikling
Eidfjord har frå gammalt vore ei jordbruksbygd, trass i at berre 1 % av arealet er oppdyrka. Sauenæringa er no den viktigaste.
Turisttrafikken i Hardanger byrja på slutten av 1800-talet. I Eidfjord var Vøringsfossen den største attraksjonen. Det vart bygd hotell i både tettstaden Eidjord, der det var dampskipsbryggje, og ved fossen. Etter at Bergensbana opna, i 1909, kom det fleire turistar til Hardangervidda, og desse drog ofte vidare ned Måbødalen.
På 1970-talet byrja kraftutbyggjinga i Eidfjord. Med store areal som låg høgt, og med bratt fall ned mot fjorden, hadde bygda grunnlag for stor kraftproduksjon. Samstundes vart det større motstand mot omfattande naturinngrep, og etter rikspolitisk strid vart Hardangervidda nasjonalpark etablert. I Eidfjord vart Veig-, og Erdalsvassdraga verna, og Vøringsfossen vart sikra ei sommarvassføring på om lag 1/3 av den uregulerte vassføringa. Eidfjord er allikevel den tredje største kraftkommunen i Noreg, etter Suldal og Sirdal.
Galleri
Kjelder og litteratur
Vidare lesing
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010. Frå fjord til fjell. Utg. Fagbokforlaget. 2010. 477 s. ISBN 978-82-450-1076-3.
- Lægreid, Tobias og Agnes: Gards- og ættesoge for Eidfjord. Red. Einar Richter Hanssen. Utg. Eidfjord kommune. 1992. 592 s. ISBN 82-992675-0-1. Digital versjon på Nettbiblioteket