Førde kommune
Førde kommune i Sogn og Fjordane omfatta landet omkring botnen av Førdefjorden, og grensa til Naustdal i nord, Jølster, Sogndal og Balestrand i aust, Gaular i sør og Askvoll i vest.
Førde kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1432 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Førde |
Areal i km²(2020) | 585,64 km² |
Folketal 2020 | 13 089 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Slått saman med | 1964: Del av Naustdal |
No del av | Sunnfjord kommune |
Målform | Nynorsk |
Kommunen vart oppretta i 1838, men fekk sin største utstrekning i 1964, då sørbredden av Førdefjorden vart overført frå Naustdal. Administrasjonssenteret Førde tok bystatus i 1997. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.
Tradisjonelt sto landbruket og industri knytta til dette sterkt i Førde. I seinare år fekk ein òg anna industri, og offentleg og privat tjenesteyting sysselsette meir enn 40 % av arbeidsstokken. Største arbeidsplassen i kommunen var Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane.
Ordførarar
- Reidar Tveit 1968-1990
Kjelder
- Førde kommune i Store norske leksikon
- Førde på Wikipedia på nynorsk
Sjå òg
|