Fantesteinen (Lom)
Fantesteinen er eit naturminne, med fleire flyttblokkar oppa kvarandre som står som ein varde på Sognefjellet i Lom kommune. Namnet kjem frå ei historie om at det på 1600- og 1700-talet skal ha vore røvarar, eller fantar, som heldt til der og som rana folk langs den gamle Sognefjellsvegen.
Steinen er ved det høgste punktet på Sognefjellsvegen mellom Lom og Skjolden, på 1434 meter over havet. Fantesteinsvatnet like i nærleiken har namn etter steinen.
Galleri
Litteratur og kjelder
- Fantesteinen i Store norske leksikon.
- Faktaark fra Kartverket.