Lom kommune
Lom kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3434 |
Fylke | Innlandet |
Kommunesenter | Fossbergom |
Areal | 1968.56 km² |
Areal land | 1904.45 km² |
Areal vatn | 64.11 km² |
Folketal | 2 331 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster.
Det meste av arealet består av snaufjell og brear. Lom omfattar brorparten av den sentrale Jotunheimen, mellom anna dei to høgste toppane i Noreg, nemleg Galdhøpiggen og Glittertinden.
Sidan 1970-talet har Lom hatt nedgang i folketalet, til liks med dei andre bygdene i Nord-Gudbrandsdalen.
Administrasjonshistorie
Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.
Nynorsken i Lom
Språkskiftet til nynorsk skjedde tidleg. Lom var i 1899 den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet.
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Kolden, Jon 2000: Bygdabok for Lom 1. Gards- og ættesoge for Vårdalen
- Kolden, Jon 2002: Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi
- Kolden, Jon 2005: Bygdabok for Lom 3. Gards- og ættesoge for bygdasenteret Fossbergom, Nesgrendi og Nedre Bøverdalen
- Kolden, Jon 2007: Bygdabok for Lom 4. Gards- og ættesoge for Bøverdalen sokn
- Kleiven, Ivar 1915: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lom og Skjaak
- Heim og bygd. Lite Gåmålt frå Lom 1987-