Faun (Lystfartøy 1916)
«Faun» blei bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verksemda var etablert og driven av ingeniøren August Moldestad som hadde utdanning frå England og på denne tid leverte ei rekkje store lystbåtar til bergensborgarane.
Faun | |
---|---|
Lystbåten Faun. Foto: Per Hillesund | |
Registeringsnummer | JXDF |
Egennavn: | Faun |
Båttype | Lystfartøy |
Lengde | 48,6 fot |
Byggeår | 1916 |
Båtbygger: | Damgaards Baatbyggeri |
Framdriftsmidler: | Motor |
Kommune | Kvam herad |
Vernestatus | Vernet 1999 |
«Faun» blei kontrahert av Einar Michelsen, sonen til Noregs første statsminister Chr. Michelsen. Då Einar døydde i 1921, overtok faren som hadde båten i alle fall til 1924. Den som etterkvart overtok var ein ny bergensreiar, Jacob Kjøde. Han selte i 1946 båten til ein tredje bergensreiar, Eilert Lund, som m.a. skifta maskin og bygde styrehus over den opne styrecockpiten.
I 1955 selde han båten til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) som brukte «Faun» som skyssbåt i samband med kraftutbygginga i Matrefjella. BKK selde i 1976 «Faun» til utflytta masfjordingar som tok båten med seg til Oslo der den i fleire år var i bruk som lystbåt. I 1982 overtok Trond Eide med siktemål om å tilbakeføra «Faun» til opphavleg utsjånad.
Eide innsåg etter kvart at prosjektet blei i største laget for ein privatperson og via Riksantikvaren fekk Hardanger Fartøyvernsenter tilbod om å overta. Senteret tok imot tilbodet og fekk i 1992 båten frakta til Hardanger. Først i 2001 kom arbeidet i gang og sidan denne tid er det arbeidd i fleire etappar.
Våren 2005 var «Faun» ferdig restaurert og tilbakeført til 1916-versjonen. Båten brukast i turistfart med inntil 12 passasjerar, og kan leigastfor lengre og kortare turar.