Fembøring

Ein fembøring (nynorsk/bokmål; trulig frå norrønt byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar.

Ein fembøring utstilt utanfor Nordlandsmuseet i Bodø ca. 1978.
Foto: Olve Utne

Opphavet til namnet fembøring er uvisst. Blant hypotesane kan nemnast at børing har vorte sett i samband med både bord og bør og at fem kan vise til enten talordet 5 eller eit likelydande ord med anna tyding. Kor som er, så er det trulig samband mellom ordet fembøring og ordet sambøring som vi finn i eldre kjelder frå Mørekysten.

Bildegalleri