Flakstad kommune
Flakstad kommune er ein kommune på Flakstadøya og nordenden av Moskenesøya i Lofoten i Nordland fylke. Flakstad Formandskabsdistrict vart oppretta i 1838 på grunnlag av Flakstad prestegjeld og bestod av noverande Flakstad og Moskenes kommunar. Kommunen vart delt da Moskenes herred vart eigen kommune i 1916. Kommunane vart samanslått igjen ved kommunereformen i 1964, men i 1976 vart kommunane delt igjen.
Flakstad kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1859 |
Fylke | Nordland |
Kommunesenter | Ramberg |
Areal | 178.39 km² |
Areal land | 169.08 km² |
Areal vann | 9.31 km² |
Folketall | 1 301 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1964: Moskenes vart lagt til Flakstad kommune. |
Fradeling(er) | 1916: Moskenes utskilt som eige herad 1976: Moskenes utskilt som eigen kommune att. |
Målform | nøytral |
Nettside | Nettside |
Flakstad kommune ligg i Vest-Lofoten og grensar til Moskenes kommune i sørvest og Vestvågøy kommune over Nappstraumen i aust. På yttersida (i nordvest) ligg Norskehavet og på innersida (i søraust) grensar Flakstad til Steigen kommune over Vestfjorden.
Kjente flakstadværingar
- Birger Eriksen (1875–1958), oberst – gav ordren da «Blücher» vart senka ved Oscarsborg 1940
Eksterne lenker
|