Vestvågøy kommune
| Vestvågøy kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1859 |
| Fylke | Nordland |
| Kommunesenter | Leknes |
| Areal | 178.39 km² |
| Areal land | 169.08 km² |
| Areal vann | 9.31 km² |
| Folketall | 1 301 (2018) |
| Grunnlagt | 1837 |
| Målform | nøytral |
| Nettside | Nettside |
Vestvågøy kommune er ein kommune på Vestvågøya i Lofoten i Nordland fylke. Kommunen har utgangspunkt i Buksnes prestegjeld og Borge prestegjeld — to av dei tre prestegjelda som vart til då Lofoten (Buksnes) prestegjeld vart delt i 1740. (Det tredje var Flakstad prestegjeld, som svarer til Flakstad og Moskenes kommunar i dag.) Buxnes Formandskabsdistrict og Borge Formandskabsdistrict vart oppretta i 1837. Hol herred vart frådelt Buksnes i 1919, og Valberg herred vart frådelt Borge i 1927. Den 1. januar 1963 vart så Buksnes, Hol, Borge og Valberg samanslått til den noverande Vestvågøy kommune.
Vestvågøy kommune ligg i Vest-Lofoten og grensar til Flakstad kommune over Nappstraumen i vest og til Vågan kommune over Sundklakkstraumen i aust. På yttersida (i nordvest) ligg Norskehavet og på innersida (i søraust) grensar Vestvågøy til Steigen kommune over Vestfjorden.
Eksterne lenker
|
