Forsand kommune
Forsand kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Rogaland. Ho grensa til Hjelmeland, Strand, Sandnes, Gjesdal, Bykle og Sirdal. Administrasjonssenteret låg i Forsand, den einaste tettstaden.
Forsand | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1129 |
Fylke | Rogaland |
Kommunesenter | Forsand |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1965: Delar av kommunen overført til Gjesdal |
No del av | Sandnes kommune |
Lysefjorden sett frå Lysebotn i 2012. Foto: Siri Johannessen |
I 1965 vart områda ved Frafjorden og fjellområda innafor overført til Gjesdal.
Jordbruk, og særleg husdyrbruk, var ein viktig næringsveg i kommunen. Det var óg fiske. Industrien i området for den tidlegare kommunen er særleg knytta til bergverk og produksjon av gummi-, plast- og mineralske produkt. Det var også stor kraftproduksjon i kommunen.
Kommunen dekte eit areal identisk med Forsand sokn, det einaste soknet i Forsand kyrkjelege fellesråd. Tidlegare var soknet ein del av Strand prestegjeld, som óg dekka Strand kommune. Forsand låg i Strand og Forsand lensmannsdistrikt i Rogaland politidistrikt, og under Ryfylke tingrett.
I samband med kommunereforma 2014-2018 vart Forsand frå 1. januar 2020 slått saman med Sandnes, under namnet Sandnes kommune.
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Forsand i Store norske leksikon
- Forsand på Wikipedia på bokmål og riksmål