Forsvarets Overkommando
Forsvarets Overkommando (FO) vart oppretta som felles overkommando for alle stridskrefter ved kongeleg resolusjon 18. mai 1940 med general Otto Ruge som forsvarssjef. FO vart avvikla etter kapitulasjonen 10. juni 1940, men vart etablert på nytt i London 6. februar 1942 med general Wilhelm Hansteen som forsvarssjef til 1.7.1944 da kronprins Olav overtok. Hansteen vart verande nestkommanderande.
19. juli 1946 vart stillinga som forsvarssjef fjerna og erstatta av ein forsvarsstab som overtok rolla som overkommando, og kvar av forsvarsgreinane hadde sine eigne overkommandoer.
Forsvarets Overkommando og stillinga som forsvarssjef vart igjen etablert frå 1. januar 1963.
FO vart lagt ned 1. august 2003, og erstatta med Forsvarsstaben.
Lokaliseringer
- 18. mai til 7. juni 1940 i Troms
- 6. februar 1942 til 16. juli 1945 i London
- 16. juli 1945 til 19. juli 1946 i Oslo, og erstatta av ein forsvarsstab.
- 1. januar 1963 til 31. desember 1969 på Akershus festning.
- 1. januar 1970 til 1. januar 2004 på Huseby i Oslo.