Frostatingslova
Frostatingslova er ei landskapslov og ei av dei eldste lovene i Noreg. Den versjonen vi kjenner, fikk forma si i 1260, under kong Håkon Håkonsson. Deler av lova er fleire hundre år eldre enn det. Det mest kjente sitatet frå lova er: «Med lov skal landet vårt byggjast og ikkje med ulov øydast.» Frostatingslova vart vedteken av Frostatinget og galdt for Frostatingslagen; først området kring Trondheimsfjorden (Trøndelag), og etter kvart (truleg kring kong Håkon den godes tid) òg Namdalen, Nordmørafylke (Fosen og Nordmøre) og Romsdal.
Trøndertinget vart halde på Frosta, og der mest truleg på Loktu (som oftast blir tolka som norrønt lǫgtún). Der møttest tingmenn frå dei åtte fylka som opprinneleg utgjorde Trøndelag — Orkdølafylke, Gauldølafylke, Strindafylke, Stjordølafylke, Skøynafylke, Verdølafylke, Øynafylke og Sparbyggjafylke; og etterkvart òg tingmenn frå Naumdølafylke, Nordmørafylke og Romsdal.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Frostatingslova Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes Det Norske Samlaget, Oslo 1994
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Frostatingslova» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |