Gerhard Kjølås

Gerhard Kjølås (fødd 1886, død 1975) var lokalhistorikar og bladmann født på Stranda.

Kjølås skreiv bygdebøker, biografiar og småstykke av variert innhald. Kjølås fullførde to band av Stranda bygdebok, først band I Gard og Grend og seinare II Liv og Lagnad (bygdesoge). Kjølås skreiv også to av banda i bygdeboka for Ørskog. Den viktigaste biografien Kjølås skreiv, var biografien om Olav Oksvik, og i tillegg skreiv han mindre biografiske stykke i lokalaviser på Sunnmøre. Produksjonen til Kjølås spenner vidt, frå bank, forsikring til gullgraving. Han var også ein viktig bidragsytar til Norsk Allkunnebok.

Kjølås var også aktiv i målarbeid og ungdomslagsrørsla og på Herdalsstemnet på garden/sætra Herdalen i Stranda var han i sitt ess. Dette stemnet arrangerte han heilt fram til han døydde. Kjølås var ein ettertrakta foredragshaldar og han framførde synspunkt og meiningar med stort engasjement og klar røyst.

Bibliografi

Denne bibliografien er fragmentarisk

  • Kjølås, Gerhard, 1948. Gull : kampen om gullet i Alaska.
  • Kjølås, Gerhard. 1954. Stranda bygdebok I, Gard og Grend.
  • Kjølås, Gerhard. 1961. Stranda bygdebok II, Liv og Lagnad.
  • Kjølås, Gerhard, 1969. Olav Oksvik : mannen og politikaren.
  • Kjølås, Gerhard, 1964-. Ørskog gjennom tidene

Kjelder

  • Langlo, Olav O. 1964. Stranda bygdebok III, Ættebok for Stranda, (Forord).
  • Thunem, Ståle m.fl. 1996. Stranda bygdebok III, Ættebok Ny utgåve, Bind A, s. 4-7 (Forord).
  • Kjølås, Gerhard, 1974. Minningar frå eit langt og skifterikt liv
  • Gerhard Kjølaas i Historisk befolkningsregister.