Norsk Allkunnebok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelbladet i band 1, utgjeven i 1949. Formgjevar ikkje opplyst.

Norsk Allkunnebok er eit nynorsk leksikon som kom ut på Fonna Forlag i tidsrommet 1949–1966. Det utgjer 10 band pluss eit atlas og ei eiga juridisk oppslagsbok. Som nemninga «allkunne» seier, er leksikonet encyklopedisk, dvs. at oppslaga i prinsippet skal hentast frå alle kunnskapsfelt og fagområde. Verket føyer seg såleis inn i rekkja av det som har vore kalla konversasjonsleksikon. Innanfor den altomfattande horisonten hadde utgjevarane klåre målsetjingar om å framheve emneområde som tidlegare har vore underrepresentert i norske leksika. Ein finn til dømes ei mengd omtaler av personar som det ikkje har funnest plass til i andre norske konversasjonsleksika. Den målstyrte prioriteringa av stofftilfanget gjev dette oppslagsverket ein ekstra relevans ikkje minst i lokalhistorisk samanheng.


Bakgrunn, aktørar og oppstart

Den gamle tanken om å få til eit leksikon på nynorsk, «ei Norsk allkunnebok (encyklopædi)», vart teken opp til konkret drøfting på årsmøtet til Norsk Bladmannalag i 1918.[1] Den som fremja forslaget, var Lars Hjelle, tilsett i Gula Tidend. Årsmøtet slutta opp om initiativet. Det vart nedsett ei førebuingsnemnd med Hjelle, Albert Joleik og Torleiv Hannaas som medlemmer. Joleik blir tilskriven æra for namnet Norsk Allkunnebok. På årsmøte to år etter sa Hannaas frå seg vervet pga arbeidspress. I staden vart nemnda utvida med fire nye medlemmer: Leiv Heggstad, Jens Lindberg, Jon Bakke og C.B.Bugge.

Grunnleggjar av og mangeårig leiar for Norsk Bladmannalag, Hans Aarnes, slutta heilhjarta opp om prosjektet. Sidan skulle han som forlagsmann bli den fremste krafta i realiseringa av prosjektet, saman med redaktøren Arnulv Sudmann. Aarnes skipa Fonna Forlag i 1940, og det vart utgjevarforlaget for verket.

Utgjevingsprosessen

Da forlaget vart skipa, hadde det allereie gått meir enn 20 år sidan leksikonsaka vart reist i Norsk Bladmannalag. Så kom krigen, og arbeidet kom ikkje retteleg i gang før i 1946, og da framleis med forsinkande praktiske vanskar som papirrasjonering, lang bestillingstid for lydskrifttypar frå utlandet, osv.

For vidare planlegging og rettleiing vart det utnemnt eit sakkunnig råd, samansett av landbrukshistorikar og rektor ved Norges Landbrukshøgskole Sigvald Hasund, rektor ved Stord lærarskule Severin Eskeland, direktør i forsikringsselskapet Andvake Elias Berdal og offiser og vegingeniør Gabriel A. Frøholm. Dette rådet fungerte med uendra samansetjing frå start til mål.

Presse- og språkmannen Arnulv Sudmann var redaktør for alle banda, men med ein medredaktør for dei to siste. Redaksjonsmedarbeidarar elles veksla noko gjennom dei 18 åra utgjevinga tok (sjå nedanfor).

Det vart engasjert eit stort tal medarbeidarar til å skrive artiklar. I fyrste bandet er det nemnt 235 medarbeidarar.[2] Da det siste bandet kom ut, var talet vakse til 384.[3]

Gjennomgådde kjelder seier lite om finansieringa av verket og honorering av medarbeidarar. Men det er liten tvil om at det låg mykje frivillig gratisarbeid bak. Det som er sikkert, er at finansieringa var vanskeleg å få til. Det tok nesten knekken på forlaget økonomisk. Økonomien forklarar også det meste av kvifor det tok så lang tid å kome i mål med utgjevinga.

Fyrste bandet kom altså i 1949, etter ein trykkeprosess som tok til i juni 1948. Også for dei følgjande banda strekte trykkeprosessen seg over to kalenderår, og i eit par tilfelle tre, slik at band 10 kom ut i 1966. Atlaset, over Noreg og verda, kom i 1962, og det juridiske oppslagsverket i 1969.

Nybrotsarbeid

Allkunneboka var på fleire vis eit nybrotsarbeid innan leksikonsjangeren i Noreg. Det gjeld i fyrste rekkje at det var skrive på nynorsk. Det kravde utvikling av ein nynorsk fagterminologi på felt som teknikk, medisin, juss og militærstell, der bokmålet til da hadde vore nokså einerådande. Allkunneboka var også det fyrste leksikonet på norsk der artiklane var signerte, med den ansvarleggjeringa av kunnskapsformidlinga som det innebar.

I pakt med etterkrigstida si store kunnskapsoptimisme og framstegstru la utgjevar og redaksjon mykje vinn på at opplysningane skulle vere ajour med den nyast tilgjengelege kunnskapen om emnet. Med det for auget vart trykkedato prenta på kvart ark, dvs. på kvar 16. side i kvart band.[4]

Lydskrift i artiklane var lagt så nær den internasjonale lydskriftnorma som råd var, for å få samsvar mellom allkunneboka og moderne ordbøker. Ansvarleg for lydskriftsystemet i alle banda var dr. philos. Hallfrid Christiansen.

Innhaldsprofil

Innhaldsprofilen i Norsk Allkunnebok vart skissert som program i føreordet til band 1, og det er grunnlag for å slå fast at det ferdige verket er i godt samsvar med målsetjinga.

Av «programmet» kan vi såleis sakse:

«Med omsyn til innhaldet galdt det å gjera Norsk Allkunnebok til eit tidhøveleg verk, å få med alle omskifte som den siste storkrigen førde med seg, nyskiping på det politiske og sosiale området, tekniske og vitskaplege framsteg […] Elles har vi freista å leggja vekta meir på norske tilhøve enn i andre leksika, og prøvd å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, tiltak og arbeidsliv ute i bygdene. Like eins gjev vi folkeminne- og folkelivsgransking, norsk soge, norsk mål og den nynorske bokheimen etter måten stort rom. Om dei viktige næringsvegane jordbruk, skogbruk og fiske har vi og freista å gje meir opplysning og praktisk rettleiing enn vanleg i norske leksika.»

Så blir det lova fullstendig register over norske poststader, dampskipsstoppestader m.m., eit løfte som ikkje kan sjåast å ha blitt følgt opp. Men det er ikkje langt unna røynda når redaktør og forlag lovar

«artiklar om alle kyrkjesokner, herad og byar, skrivardøme, bygdelag, fylke og bispedøme; om fjordar, innsjøar, brear, elvar, fossar, fjell, dalar og øyar, historiske stader, storgardar, større gruver og kraftverk. Alle herads-, by- og fylkesartiklar er gjennomsedde og korrigerte av lokalkjende folk.»

Oppsummert kan ein seie at allkunneboka har eit nasjonalt fokus, og i høve til andre konversasjonsleksika ser ein ei viss vriding mot primærnæringar og Bygde-Noreg. Det kan sjåast som eit forsøk på å formidle eit samanfattande kunnskapsgrunnlag for heimstadlære og å fremje den «folkedanninga» som stod så sterkt som ideal i norskdomsrørsla.

Råd og redaksjon

I Rådet (gjennom heile utgjevingsprosessen):

  • Sigvald Hasund
  • Severin Eskeland
  • Elias Berdal
  • Gabriel A. Frøholm

Redaktørar:

  • Arnulv Sudmann, for alle 10 banda
  • Peder Galdal, band 9 og 10 saman med Sudmann

Redaksjonsmedarbeidarar:

Biletredaktør:

Bandinndeling og utgjevingstidspunkt

Bandinndeling

Trykketid/utgjevingstidspunkt

  • Bd. 1. 21. juni 1948 til 17. oktober 1949.
  • Bd. 2. 17. november 1949 til 25. mai 1951.
  • Bd. 3. 22. juni 1951 til 4. juni 1952.
  • Bd. 4. 8. august 1952 til 22. juli 1953.
  • Bd. 5. 17. november 1953 til 17. august 1954
  • Bd. 6. 15. desember 1954 til 10. oktober 1955.
  • Bd. 7. 17. januar 1956 til 11. mars 1957.
  • Bd. 8. 1. august 1957 til 6. mai 1958.
  • Bd. 9. 12. januar 1959 til 23. februar 1960.
  • Bd. 10. 15. desember 1964 til 27. juni 1966?
  • Atlas. Utg. 1962.
  • Juridisk oppslagsverk. Utg. 1969.


Referansar

  1. Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar, side 38.
  2. Føreord i Norsk Allkunnebok bd.1.
  3. Fonna Forlag si heimeside.
  4. Føreord i Norsk Allkunnebok bd.1.

Kjelder og litteratur