Gravrøys med bauta (Tustna)

Gravrøysa med bauta på grensa mellom bnr. 1 og bnr. 240 (utskilt i seinare tid frå bnr. 4) av Leira i Aure kommuneNordmøre ligg på eit høgdedrag rett innom Leirsundet. Røysa, som trulig ligg rett på berget, er ei ovalrøys på kring 10×5 meter med høgd på kring 0,4–0,5 m. Bautaen, som står i midtpartiet, er av lys stein og er kring 1,7 m høg. Gravrøysa har vore overgrodd av tre i fleire tiår.

Bautaen av lys stein er kring 1,8 m høg.
Foto: Olve Utne

Kjelder

  • S. 77 i Tustna kommune : topografisk-arkeologisk registrering 1985. (Funn og fornminner i Møre og Romsdal; 6.) Trondheim : Universitetet i Trondheim, Vitenskapsmuseet, 1991.