Grip fyrstasjon
Grip fyrstasjon ligg på ei naken holme utafor fiskeværet Grip ved Kristiansund. Eit støypejernstårn er plassert på eit høgt fundament av huggen stein. I tillegg til fyrtårnet har stasjonen eit kvelva betongnaust og to landingar. Landingsforholda er vanskelege.
Grip fyrstasjon | |
---|---|
Foto: Peter John Acklam (2006)
| |
Oppretta: | 1888 |
Status: | Automatisert og avfolket 1977 |
Funksjon: | Kystfyr |
Eier: | Staten v/ Kystverket |
Sted: | Ved Grip |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Kristiansund kommune |
Vernestatus: | Fredet etter lov om kulturminner |
Grip er ein av landets mest særprega fyrstasjonar med sin dramatiske plassering. Fyrstasjonen har relativt høg aldersverdi og stor grad av opphavlegheit. Stasjonen har stor miljøbetydning i samanhang med fiskeværet.
Galleri
Kjelder
- Eli J. Ellingsve. 2007. Finn et fyr. Tapir Akademisk forlag
- Kystverket. 2009. Landsverneplan for maritim infrastruktur
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Grip fyrstasjon på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Eksterne lenkjer
- Sjå meir om norske fyrstasjonar på Norsk fyrhistorisk forenings sider