Gunnhild Rutledal

Gunnhild Rutledal (1895–1973) var lærar og forfattar frå Rutledal i Gulen kommune. Ho var lærar i Rutledal krins og Sygnefest krins og hadde eksamen frå Stord lærarskule i 1919 og arbeidde i skulen fram til 1946 då ho vart pensjonist. Gunnhild vart ikkje gift, men ho var aktiv i organisasjonar som Sogn ungdomslag. I 1921 kom diktsamlinga Morgontonar under pseudonymet Audhild.

Diktet Livsens terningkast, publisert i Sogningen 13.12.1929.
Palma - eit dikt av Nina Heintz, omsett av Gunnhild Rutledal. Frå avisa Unge Agder, 27.6.1929.

Foreldra var bonde og ordførar Hans Kolbeinsson Rutledal (1865-1959) og Sygni Olsdotter Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Tre av brørne var òg lærarar. Konrad Rutledal var lærar i Gulen i sju år før han tok over garden heime, Bernhard Rutledal var lærar og organist i Vik i fleire år og Olav Rutledal var lærar på Voss.

Galleri

Kjelder