Bernhard Rutledal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernhard Rutledal. Foto: Vik kyrkjelydkontor.

Bernhard Rutledal (fødd 22. august 1902 i Rutledal i Gulen kommune, død 11. september 1998 i Balestrand) var lærar. Fleire av syskna arbeidde òg i skulen; Konrad Rutledal var lærar nokre år før han vart bonde, Gunnhild Rutledal var lærar i Rutledal og Sygnefest og Olav Rutledal var lærar på Voss.

Tre bøker frå Bernhard Rutledals barneboksamling: Bok nr. 4 (lesetid 4 vikor): Oberst Hans Helgesen av O. A. Øverland (1903), bok nr 22 (lesetid tid 3 vikor): Vesle Hallvard : forteljing fyr born av Kristen Stalleland (2. utg. 1905), bok nr. 25 (lesetid 4 vikor): Billeder fra Afrika : efter Afrika-reisendes fortællinger og skildringer av Ingeborg v.d.Lippe Konow (1898).
Foto: Siri Iversen (2017).

Han var son av ordførar og bonde Hans Kolbeinsson Rutledal (1865-1959) og Sygni Olsdotter Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Bernhard Rutledal tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1924 og arbeidde fyrst som vikar i Hyllestad og Gulen. I 1926 vart han tilsett ved Sudøyane skule i Gulen. I åra 1949-1969 arbeidde han ved Seljedalen skule og Flatbygdi skule i Vik kommune. Rutledal var og organist i Vik kyrkje og songkorleiar i mange år. Heime i huset sitt i Balestrand hadde han eige kyrkjeorgel.

Rutledal vart gift med Anna Høyvik frå Balestrand, dotter av treskjerar Ivar Høyvik frå Gulen og Eli Sætre frå Voss.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker