Hægebostad prestegjeld
Hægebostad prestegjeld er eit tidlegare prestegjeld i Vest-Agder. Det blei utskilt frå Kvinesdal prestegjeld i 1753 under namnet Øvre Kvinesdal prestegjeld og bestod av sokna Hægebostad, Eiken og Fjortland. Da Fjotland blei overført til Nedre Kvinesdal prestegjeld i 1841, blei namnet på prestegjeldet endra til Hægebostad. Hægebostad prestegjeld blei nedlagt i 1966 og overført til Lyngdal prestegjeld.