Hagetun (Fedje gnr 172 bnr 114)
Hagetun er ein eigedom i Fedje kommune.
Hagetun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 114 |
Adresse: | Mortevikvegen 24 |
1. Kåre Berg f. 1924 Stormark (gnr 172 bnr 6-3d) d. 1995 g. 1949 m. Erna Johanne Hamre, Fana i Bergen f. 1919 d. 2018 (jf Fanab. IV s 525 bruk 3). Skøyte 1959 på tomt frådelt gnr 172 bnr 6 same året. Huset vart bygd i 1960. Dei budde først saman med foreldra hans. Dei dreiv jorda her og til gnr 172 bnr 6, og hadde sauer. Kåre var fiskar, var i New Bedford, USA i 10 år frå 1963. Frå 1974 var han fyrbetjent, m.a. på Holmengrå og Hellisøy fyr. Erna arb. Bjelland i 8 år.
Barn: a. Walther Christian Berg f. 1950, neste eigar (2).
2. Walther Berg f. 1950 (jf 1a), elektromontør, g. 1974 m. Hildegunn Steinstø f. 1952 Kvam, bustad Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. Han fekk skøyte i 2014. Tomta med huset vart samstundes frådelt med nytt bnr 248. Sjå òg gnr 172 bnr 6-5. Ekteskapet oppløyst.
Born: a. Ann Chrestin Berg. b. Anita Helen Berg f. 1979, bustad Ågotnes. c. Knut Erik Berg f. 1982, bustad Ågotnes.
Walther flytta sidan hit, g.2.g. m. Evy Achre f. 1952 Stavanger, ho budde før på Ågotnes.
Hagetun (Fedje gnr 172 bnr 114) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Berglund (Fedje gnr 172 bnr 107) • Neste bolk: Nyborg (Fedje gnr 172 bnr 115) |