Hardanger sneldefabrik
Hardanger sneldefabrik låg på Torsnes i Jondal.
Initiativtakar var ingeniør Jens Christoffer Galtung, som overtok farsgarden i 1873. Saman med forretningsmannen Rasmus Rolfsen frå Bergen fekk han året etter i gang ein fabrikk som skulle produsere sneller av osp. I 1875 hadde fabrikken 21 tilsette, berre menn og gutar. Etter kort tid vart verksemda lagt ned, til dels på grunn av kvalitetsproblem. Snellene skal ha sprukke fordi dei vart laga av treverk som ikkje var skikkeleg tørt.
Fabrikkanlegget sto tomt i fleire år, til Theodor Helland kjøpte det i 1900. På same måte som i lokala til den gamle fyrstikkfabrikken i Jondal vart det òg på Torsnes starta trevarefabrikk, der det mellom anna vart gjort margarindunkar, smørtønner og madrassar.
Kjelder og litteratur
- Losnegård, Gaute. Jondal kommune : gards- og slektssoge. B. 2. Utg. Jondal kommune. 2003. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Losnegård, Gaute. Jondal kommune : gards- og slektssoge. B. 3 : Frå øksehogg til tastetrykk : allmennsoge. Utg. Jondal kommune. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.