Jondal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no DEV
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Jondal kommune

Jondal kommune
1227 Jondal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1227
Fylke Hordaland
Kommunesenter Jondal
Grunnlagt 1846
Opphørte 2020
Delt i 1965: Tørvikbygd overførd til Kvam.
Slått saman med 1965: Kysnes overførd frå Strandebarm
No del av Ullensvang herad

Jondal kommune låg i Hardanger i Hordaland fylke, og grensa til Ullensvang, Kvinnherad og Kvam. Administrasjonssenteret låg i bygda Jondal. Kommunen hadde ingen tettstader.

Jondal vart eigen kommune i 1862, då bygda vart skild ut frå Strandebarm. Ved ei kommuneregulering i 1965 vart krinsen Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samstundes som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Den siste grensereguleringa kom i 2013, då området på nordsida av munningen til Maurangerfjorden (Gausvik-Årsand-Hessvik) gjekk frå Kvinnherad til Jondal. I 2016 vedtok kommunestyret i Jondal med ni mot åtte røyster samanslåing med nabokommunane Ullensvang og Odda til nye Ullensvang herad frå 2020.

Jondal var ein jordbrukskommune med dyrehald, særleg sau og storfe, og frukt- og bærdyrking som viktige næringsvegar. Langs Hardangerfjorden er det fiskeoppdrett og fiskeforedlingsindustri og den tidlegare kommunen har også lange tradisjonar for båtbygging.

Jondal skule var den einaste grunnskulen i kommunen, etter at grendeskulane Herand og Kysnes vart nedlagde.

Kommunen hadde frå slutten av 1800-talet og fram til byrjinga av 2000-talet ein nesten samanhengande nedgang i folketalet, men i tiårsbolken 2007–2017 auka innbyggjartalet med i gjennomsnitt 0,5 prosent i året.

Galleri

Kjelder og litteratur