Haukeli
Haukeli er ei grend i Vinje kommune i Telemark. Staden er eit viktig knutepunkt, der Riksveg 9 («Setesdalsvegen») og E134 møtast. Staden var tidlegare også kjent som Haukeligrend, men i 2000 fatta kommunen vedtak om å nytte det opphavlege namnet.
Der har vore omfattande kraftutbyggjing rundt Haukeli, med mellom anna Haukeli kraftstasjon frå 1957 og Kjela kraftstasjon frå 1979.
Haukelifjell og Haukeliseter ligg ei dryg mil vest for Haukeli.