Riksveg 9

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Riksveg 9 (RV9), også kjend som Setesdalsvegen, er hovudfartsåra gjennom Setesdal. Han går frå Kristiansand i Vest-Agder, gjennom Setesdal i Aust-Agder og opp til Haukeligrend i Telemark der han møter Europaveg 134. Sidan 2003 har RV9 vore stamveg. Han er 235,7 km lang. Av dette ligg 45,1 km i Vest-Agder, 175 km i Aust-Agder og 15,6 km i Telemark.

Starten på veganlegget var postvegen som ble lagt frå sør i 1840, og som gjekk fram til Valle. Frå 1867 til 1879 vart vegen ført vidare til Bykle kyrkjebygd. I 1936 nådde han så Bjåen om lag tre mil nord for Bykle kyrkje, og etter andre verdskrig vart det siste stykket mot Grungedal lagt.

Då vegen vart lagt var det særlig to stader der ein støtte på store problem. Det verste var ved Fånekleivi aust for Byglandsfjorden. Der er vegen no ført gjennom fjellet i den 611 meter lange Fånefjellstunnelen. Ved Byklestigen var det også store problem. Den gamle kløvvegen klamrar seg til fjellsida, og her var det ikkje lett å legge ein ny veg. I dag går vegen i tunnel også her.

Riksveg 9 har vorte utbedre ei rekkje gonger. Det er eit uttalt mål for Setesdalskommunane å få gul midtstripe heilt til Hovden. I dag er delar av vegen for smal til at det er midtstripe. Det har vore bomstasjon i Valle kommune, men denne vart fjerna i januar 2014 etter at det vart bevilga penger frå kommunen til å betale ut resten av det uteståande beløpet.

Kjelder