Hegglandsgrend skule

Hegglandsgrend skule i Hegglandsgrend i Fyresdal var først bygd 1863, seinare erstatta med nytt bygg i 1913.

Hegglandsgrend gamle skule ca. 1900

Hegglandsgrend gamle skule

Skulehuset var bygd 1863 og vart rive 1913. Denne var av ein type der tømmerkassa er dela inn i eit stort rom (skulestove), og eit mindre rom som igjen vart dela i to slik at ein fekk ein gang inne i huset og eit rom for læraren. Her har vi gamle Hegglandsgrend 1863, Kleivgrend 1867, Valebjørg 1867 og gamle Åsland 1863. Dette er i samsvar med typeteikning av Binneballe henta frå Departementets typeteikningar.

Hegglandsgrend nye skule

 
Hegglandsgrend skulehus (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2007)
 
Hegglandsgrend skulehus (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2007)

Hegglandsgrend noverande skulehus er bygd 1913. Nedlagd som skule 1963 og er i 2011 grendehus.

I Fyresdal kommune er det ei lang rekke med skulehus med varierande utforming avhengig av perioden dei vart bygd i. Ei tid vart det bygd med eit langt bislag utanpå tømmerkassa. Seinare vart gangen trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er det Åsland 1926, Birtedalen 1922, Breivik 1919 med 1 ½ høgd der det ikkje vart innreidd ovanpå, og Hegglandsgrend 1913 likeeins 1 ½ høgd der det etter kvart vart innreidd bustad/sløydsal ovanpå. Veum 1910 med to høgder der det i den eine delen av 2. høgda var husrom for lærar. Gang langs lengda på huset.

På biletet av Hegglandsgrend skule frå tunsida ser vi inngangen til bustaden til læraren som bislaget til venstre.

I seinare tid har lærarbustaden vore leigd ut privat og skulehuset vore grendehus, i 2011 er det barnehage i grendehuset.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.