Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fyresdal»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyresdal
0831 Fyresdal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3823
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunesenter Folkestadbyen
Areal 1280.14  km²
Areal land 1108.9  km²
Areal vatn 171.24  km²
Folketal 1 320 (2018)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Fyresdal kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Vestfold og Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.

I parkområdet Øyskogen ligg eit omfattande gravfelt med freda furutrær. Fyresdal Bygdemuseum har ein rad gamle bygningar og utstillingsbygg i same område. På Molandsmoen står en runesten fra 1100-tallet. Moland kyrkje er ein korskirke i tre, bygd i 1843. Altertavla frå 1738 kjem frå tidlegare Hegland kyrkje. Veum kyrkje er frå 1863.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.

Mot sluten av 1800-talet hørde Fyresdal til Øvre Tellemarkens fogderi i Bratsbergs amt.

For meir informasjon sjå Liste over sider om Fyresdal kommune med lokalhistorisk stoff. Sjå òg lista over garder i Fyresdal.

Kjende personar frå Fyresdal kommune

På verdsveven


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fyresdal kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!