Herand skule
Herand skule var ein barneskule i bygda Herand lengst nord i Jondal kommune i Hardanger. Den hadde skuleåret 2000/2001 berre 10 elevar, og var udelt. Rektor den gongen var Omar Solår. Skulen vart lagt ned i 2004.
Etterpå kjøpte Herand bygdelag skulehuset. Laget har bygd opp eit opplevingssenter med Herand gjennom 9000 år, der dei besøkjande vert informert om historia til ulike stader i bygda.
Kjelder og litteratur
- Bergens Tidende, 3. mars 2000: «Ledige stillingar i skular og barnehage frå 1. august 01».
- Herand bygdelag (heimeside), vitja 28. september 2018.
- Opplysningar frå Jondal kommune, e-post 28. september 2018.
Vidare lesing
- Skulen i Jondal gjennom 250 år, Jondal kulturkontor 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket