Hjeltnes målestasjon
Hjeltnes målestasjon står på Hjeltnes gartnarskule, Ulvik kommune i Hordaland, 42 moh. Stasjonen vart oppretta i juni 1966 og måler nedbør og temperatur.
9. juli 2014 vart det målt 34,4 grader her, noko som vart utropa til varmerekord for Hordaland. Dagen etter synte temperaturmålaren heile 37,8 grader, men ifølge meterologane ved Vervarslinga for Vestlandet var denne målinga urealistisk. Pr. 11. juli var det òg usikkert om rekorden på 34,4 grader ville bli godkjent.
Kjelder og litteratur
- BT.no, 11. juli 2014: «Tror ikke på norgesrekord i Ulvik» (vitja 15. juli 2014).
- Yr.no: Hjeltnes målestasjon (vitja 11. juli 2014).
- NRK.no Hordaland: «Her var det varmast i landet i går» (publisert 10. juli 2014).
|