Ulvik herad

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Ulvik kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Ulvik herad

Ulvik herad
1233 Ulvik komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4620
Fylke Vestland
Kommunesenter Ulvik
Areal 720.83  km²
Areal land 671.17  km²
Areal vatn 49.66  km²
Folketal 1 117 (2018)
Grunnlagt 1838
Frådeling(ar) 1891: Granvin og Eidfjord utskild.
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Ulvik herad ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Voss i nord og vest, Aurland i nord, Hol i aust, Eidfjord i sør og Ullensvang i sørvest. Kommunen fikk sine noverande grenser i 1891, då Eidfjord og Granvin vart utskilde. Administrasjonssenteret er Ulvik, som er einaste tettstad i kommunen.

Ein stor del av arbeidsstokken er sysselsett i offentlig forvaltning og tenesteytande næring. Turisme er òg ein viktig næringsveg. I landbruket dominerer hagebruket. Ulvik er nest etter Ullensvang den viktigaste fruktkommunen i tidlegare Hordaland fylke.

Folketalet har i hovudsak gått attende i heile etterkrigstida, og i 2017 var det 25 prosent lågare enn i 1945. Med snaut 1100 innbyggjarar er Ulvik den femte minste i Vestland fylke.

Lengst aust i Ulvik går Bergensbanen, med stasjonane Hallingskeid og Finse.

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!