Hol helselag
Hol helselag vart stifta som Hol sjukepleierforening 9. mars 1924. Laget er medlem av Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Sokneprest Eriksen innkalla til det konstituerande møtet, der 104 teikna seg som medlemer. I det fyrste styret sat Steen Stensen som formann, Asbjørn Tufto som nestformann og kasserar og elles Helene Kvanneberg, Eirik Berg, Paal Halstensgard, Ambjørg Tufto og frå Hol kommunestyre, Torstein Øvrejorde.
Seinare var mellom anna Ingeborg Vindegg, Lena Slettemoen og Johanne Lilleslett leiarar for laget.
Kjelder og litteratur
- Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1974.03.15. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kongsberg Dagblad 1927.02.05. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lokallag i Buskerud på nettstaden til Nasjonalforeningen for folkehelse, vitja 16. mai 2023.