Hundeidvik

Hundeidvik er ei bygd i Sykkylven kommune, med omkring 370 innbyggarar (2013). Bygda ligg ytst ved Hjørundfjorden.

Hundeidvik blandakor med dirigent Åge Frøystad på Hovden i Hundeidvik ca 2009. (Fotolån: Jon Reidar Kurseth)

Hundeidvik barneskule vart nedlagd i 2011. I staden opna Hundeidvik privatskule, ein kristen privatskule, der dei fleste elevane byrja for å kunne gå på skule lokalt.

Hjørnesteinsvermsemda i Hundeidvik er møbelfabrikken Formfin.

Hundeidvik blandakor, stifta i 1871, er eit av dei eldste blandakora i Noreg.

Den årvisse Hundeidvik fotballfestival vert omtale som «ei annaleis fotballturnering». Det er ein turnering for born i alderen seks til ti år, der det óg er mange aktivitetar for heile familien utanom fotballen. Hundeidvik Idrettslag vart stifta i 1944.

Kjelder


Koordinater: 62.3683377° N 6.4255967° Ø