Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1528
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Sykkylven
Areal 337.78  km²
Areal land 328.82  km²
Areal vann 8.96  km²
Folketall 7 695 (2018)
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen . Kommunen har to kyrkjer, Sykkylven kyrkje og Ikornnes kapell.

Hovednæringa er industri, hovudsakleg møbelindustri. Dei mest kjende fabrikkane er Ekornes, Hjellegjerde og Brunstad. Cylindra held også til i kommunen. Jarnesbåtane frakta møbla frå Sykkylven til Åndalsnes, der dei vart frakta vidare med jarnbane. Anna enn møbelindustri finst det også konfeksjonsindustri. Strømme konfeksjonsfabrikk, til dømes, vart skipa i 1962.

I 2009 vart den lengste sofaen i verda laga i Sykkylven.

Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan kring 800 f.Kr.

Riksvei 60 går gjennom kommunen, frå Ørsneset i nord, gjennom kommunesenteret, mot sør til Stranda kommune.

Kommunehistorikk

I 1883 vart Ørskog kommune delt, og Sykkylven vart oppretta som eigen kommune. I 1955 vart også bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen tillagt frå Ørskog.

Organisasjonsliv

Næringsforeininga Sykkylven handelsforening vart skipa i 1954.

Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871, og held framleis til i kommunen. I 2003 fekk kommunen Sykkylven sykkelklubb. Allaktivitetshuset Fønixhuset vart opna i 2007.

Nokre personar frå Sykkylven

Eksterne lenkjer