Hundeidvik fotballfestival

Hundeidvik fotballfestival har blitt arrangert i Hundeidvik i Sykkylven kommune kvart år sidan 2008, og kvart år er det fleire tusen besøkande.

Turneringa er for born i alderen 6-10 år, men i tillegg til alle kampane som blir arrangert i løpet av dagen, er der aktivitetar både for deltakarar som ventar på kamp og søsken som ikkje spelar fotball. Dei kan køyre ATV, rappellere og vitje bondegarden. Dei siste åra har det også kome nye aktivitetar til festivalen, som gullvasking, hoppeslott og Bringsverdbakke. Desse har blitt svært populære. Alle deltakarane får også eit pass til friluftsbadet på Ikornnes.

Det var i utgangspunktet Ronny Utgård, Solveig Garli, Jens Arne Bonesmo, Ola Myrseth og Geir Kvalvåg som starta opp fotballfestivalen i 2008. Dei ville lage ei fotballturnering der ikkje alt handlar om sjølve fotballen, men der det skjer ting for heile familien.

For å klargjere dei ulike aktivitetane, stiller bygdefolket opp på dugnad. Fotballfestivalen bruker dei lokale fotballspelarane som dommarar, så det er heile bygda som er med på dugnaden.

Kjelde:

  • Nettstaden til Hundeidvik fotballfestival