Hyllestad gamle skule
Hyllestad gamle skule ligg i bakkane rett over tettstaden Hyllestad i Hyllestad kommune. Dette var i mange år skulehuset for Hyllestad krins.
Skulehuset
Hyllestad gamle skule vart bygd som skulehus på slutten av 1890-talet. Skulehuset er ein kvit bygning og det er eit eit raudt tilbygg som har vore utedo og vedskur. Utanfor skulen er det ein opparbeida skuleplass. Huset og var i bruk som skulehus fram til 1970-talet.
Andre bruksområde
Huset er i dag eigd av Hyllestad husmorlag og har blant annan vore brukt som privat barnehage. I seinare tid har bygget vore både lagshus og atelier.
Kjelder og litteratur
Digitale kjelder
- Hyllestad gamle skule, Kulturminnesok.no
- Arkiv etter Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane fylkesarkiv: Dagbok for skulekrinsane Hyllestad, Sørefjord, Dalsbygda og Kolgrov 1883-1893
Ikkje-prenta kjelder
- Ingemar Nordstrand, intervju
- Per Bygnes, intervju
- Bjarne Akse, intervju
- Leif Akse, intervju