Illustrerte trykk frå Egset i Volda
Aarflots Bogtrykkerie
I 1809 etablerte Sivert Aarflot (1759-1817) eige trykkeri på garden Ekset i Volda. Han hadde då frå 1803 gitt ut fleire skrift, særleg om god gardsdrift. Desse fekk han trykt i Bergen og i København. Å sitje som utgjevar av slike trykk så langt frå trykkeriet var både tungvint og dyrt. Aarflot søkte derfor Kongen om å få etablere eige trykkeri. Løyve frå Kongen kom i juli 1808. Starks kjøpte Aarflot inn dei typane han trong for å trykke, og ei primitiv, men tenleg, pressa vart snekra og montert i den gamle røykstova på garden. Dette trykkeriet vart det femte i Norge, med trykksaker frå 1809. Sivert Arflot hadde også planar om å gi ut eiga avis. Desse planane blei realiserte med Landboebladet, frå 1810. Dette var då den første avisa som vart gitt ut på landsbygda i Norge, og den sjuande avisa i det heile i Norge.
Trykksaker med illustrasjonar
I vår samanheng er det illustrasjonane i trykksakene som er av interesse. Landboe-Bladet var praktisk talt utan illustrasjonar. Det galdt også for dei andre avisene i landet. Men Aarflot trong illustrasjonar til andre trykksaker han ga ut. Sivert Aarflot var ein sann folkeopplysingsmann, - godt i tråd med kulturlivet eller i Europa. Sist på 1700-talet og vidare inn på 1800-talet kom det til ei rekke magasin med variert innhald. Dei skulle vere billege, lettleste og skulle gi «opplysning, underhaldning og nyttige kunnskapar» (Etter tittelen på eit slikt magasin). Magasina skulle også nå fram til kjøparar som ikkje var så lesesterke. Derfor måtte dei vere illustrerte. Det galdt også for trykk som blei gitt ut på Egset. For sitt trykkeri på landsbygda trong Aarflot ein illustrasjonsteknikk som kunne produserast på staden. Den vanlege teknikken var klisjear i koparstikk. Dette var tungvint og ikkje minst dyrt. Dei kunne bli laga i Christiania, men helst i København. Dersom dette var einaste løysinga, ville Aarflot ikkje få gitt ut særleg mange illustrerte trykk. Men ei løysing fanst.
Grafisk metode
I norsk litteratur om dei illustrerte trykksakene frå Ekset har oppfatninga vore at Aarflot tok i bruk den grafiske metoden xylografi. Denne metoden vart utvikla av engelskmannen Thomas Bewick på 1750-talet. Tresnitt, der ein skjer inn motiver i langved, hadde vore brukt i lange tider. Det nye ved Bewick sin metode var at han begynte å «stikke», som det blir kalla, motivet inn i endeved. Ved stikke motivet i endeveden av eit hardt treslag, kunne ein få fram finare nyansar i trykket, og ein kunne lage klisjear som eigna seg betre ved trykking. Oppfatninga har altså vore at Sivert Aarflot var blitt kjend med denne metoden, og at han har klart ta den i bruk ved sitt trykkeri.
Denne oppfatninga er blitt dratt i tvil i nyare kjelder. Den danske fagmannen Steffen Knak-Nielsen er sikker i si oppfatning at illustrasjonane frå Ekset ikkje kan vere xylografiar (Knak-Nielsen 2017). Dette blir støtta av fagleg ekspertise ved det norske Nasjonalbiblioteket. Arthur Tennøe slår fast: "Det som vart nytta hos Aarflot var tresnitt-teknikken" (Tennøe 2018). Vi kan truleg slå fast at det Knak-Nkelsen kallar "en myte", nok er det. Sivert Aarflot brukte vanleg tresnitt. Men det han utretta. er ei bragd. Tennøe skriv: "Det å trykke illustrerte verk i Norge har vi ikkje andre døme på frå desse åra".
Ola og Sjur Humberset som typografar
Det første illustrerte trykket på Ekset vart laga av son til Sivert Aarflot, Rasmus, i 1810. Men då det skulle lagast mange illustrasjonar til nye trykksaker, vart dei to ungdommane Ola og Sjur Humberset frå Volda leigde inn. Sjur var då 19 år, Ola 25. Det første store arbeidet deira var lage illustrasjonar til ein ABC, «Billed-ABC-Bog for gode Børn» (1813). Kvar bokstav blir her illustrert, for det meste, med bilde av ulike dyr. Dyra er oftast teikna inn i eit miljø. Dette må ha vore ei uhyre krevjande oppgåve for dei uøvde gutane å utføre skjeringa av desse klisjeane. Men resultatet var godt tenleg for formålet.
Eit mykje større arbeid var «Dyrerigets første Bog» (1815) og «Dyrerigets andre Bog» (1816). Desse bøkene gir ein omtale av pattedyr og fuglar, alle med illustrasjonar. Første Bog har « … Dyreafbildninger og 192 Dyrebeskrivelser» over 96 sider. Andre Bog har « … 70 Fugleafbildninger og Beskrivelser om mere end 300 Fugle Slags og Arter» over.
Ola og Sjur var altså nybegynnarar i faget, og måtte ta seg fram på eiga hand. Før skjeringa av motivet i treet måtte motivet bli teikna på emnet. Kven som gjorde dette, har vi ikkje sikker kunnskap om. Men det er kjent at både Sivert Aarflot og sonen Rasmus var habile teiknarar. Vi må tru at det er ein av desse (eller begge) som teikna. Kvar dei fann korleis alle dei forskjellige fuglane og dyra såg ut, er ikkje kjent.
Publisering av trykksakene frå Egset
Dei omtalte trykka blei gitt ut som bøker. Men dei blei også trykte og selde som einskildeksemplar. Somme handkolorerte. Eit utval av trykka blei også sende som «Følgeblad» til Landboebladet, med denne kommentaren: «… den som behager kan fraskille dem Landbokbladet og hæfte dem ind til et eget Bind». Landboebladet blei pdet meste trykt i 600 eksemeplar. Trykka fekk såleis ganske stor spreiing. Bladet hadde abonnentar ganske vidt i Norge. Men tyngden av abonnentane var i Volda og Ørsta. Det er dokumentert at mange av desse trykka blei ramma inn og prydde mange stover i regionen.
Kjelder
- Birkeland, Narve F. I Voldaminne Årsskrift 2018. Volda 2018
- Fet, Jostein: Eksetiana. Aarflots Prenteverk 1809-1935. Oslo 2006
- Heiestad, Sigurd: Bildet i boken. Oslo 1945
- Knak-Nielsen, Steffen: Aarflots Printverkk - en boghistorisk note. Årbok for Sunnmøre. Sunnmøre Historielag. 2017
- Olsen, Kåre: «Norsk xylografi – en historie som nesten er glemt» i Norsk Fotohistorisk Årbok. 1985/86. Oslo 1987
- Olsen, Kåre: «Fotografi, xylografi og den illustrerte presse» i Norsk Fotohistorisk Årbok. 1985/86. Oslo 1987
- Tennøe, Arthur: e-post om spørsmål knytte til illustrerte trykk frå Ekset. 2018
Illustrerte trykk frå Egset i Volda er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |
Illustrerte trykk frå Egset i Volda er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |