Forside:Sivert Aarflot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Sivert Aarflot
Sivert Aarflot.
Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå.

Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom.   Les mer ...

 
Smakebitar
Synnøve Riste i 1880.
Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda.   Les mer …

Nedre Ekset.
Foto: Francis Bull
Nedre Ekset, frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land 1930.

Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.

Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.

I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845.   Les mer …

Motiv frå Sivert Aarflot-museet.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2011)

Sivert Aarflot-museet er eit personhistorisk museum for folkeopplysaren, Sivert Knudsen Aarflot. Museet opna på Ekset i Volda 23. august 1959, i høve 200-årsjubileet for Siverts fødsel. Museet er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum.

Museet formidlar det omfattande livsverket til Sivert Aarflot og historia om det fyrste trykkeriet på landsbygda i Noreg. I samlinga finst mellom anna trykkeriutstyr som han sjølv nytta i verksemda frå 1809 og fram over.

Sivert Aarflot-arkivet omfattar over 2000 originaldokument etter Sivert Aarflot, Rasmus S. Aarflot og Mauritz A. Aarflot. Arkivet er deponert i Aasen-tunet frå 2000.   Les mer …

Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)

Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).

Kjende medlemmar av slekta


Tittelsida frå Billed-ABC-Bog for gode Børn.
:::Billed-ABC-Bog for gode Børn.
See her, Barn lille! Vises dig,
Hvor Dyr og andre Ting afbildes,
Lær nu at læse skikkelig,
Og blandt Bogstaver ej forvildes,
Saa tidt du seer Figurerne
Saa maa du paa hver Bogstav see.


A a Abekatter.
En Abekat blant Dyrene
Meest findes liig et Menneske.


B b Bjørnen.
Naar Biørnen folk hver Sommer truer
Hver Vinter han paa Labben suer.
  Les mer …

Berte Kanutte Aarflot. Teikning av Johan Nordhagen etter fotograf av H.C.Olsen. Udatert.

Berte Kanutte Aarflot (født 1795 i Ørsta, død 1859) var salmediktar.

Ho var dotter av lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Ho gifta seg med bonden Amund Knutsson Aarflot (1788–1860), og dei fekk sju born.   Les mer …
 
Se også
 
Kategoriar for Sivert Aarflot
ingen underkategorier


 
Andre artiklar