Jølster Mållag

Jølster Mållag er eit lokallag i Noregs mållag, heimehøyrande i Jølster i Sunnfjord kommune. Laget har om lag 70 medlemmer og gir mellom anna ut bladet Jølst. Mållaget deler også ut ein årleg Målros til personar, eller firma som har gjort ein innsats for nynorsk målbruk. Laget var i 2011 arrangør av 100-års jubileet for nynorsk i Jølster. Les om jubileet her.