Jørgen Johannesson Myklemyr
Jørgen Johannesson Myklemyr (døypt 1. oktober 1756 i Luster, gravlagd 28. april 1816 i Jostedalen) var gardbrukar på Øvre Myklemyr i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Han var ein av dei tolv fyrste jostedølene som svor eid til Grunnlova og fekk røysterett på tinget 10. september 1814.[1].
Ved folketeljinga 1801 budde han på Øvre Myklemyr med kona Anna Andersdotter. Ho var gift for andre gongen, og dei hadde fire born frå hennar fyrste ekteskap buande på garden: Synnevah (14), Elsebøe (12) og Martha (13) Olsdøtre og Ole Olsen (6). Dei hadde også ein son saman, Johan Jørgensen på tre år.
Notar
- ↑ Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 16. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Jørgen Johannesen i folketelling 1801 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet.