Johan Ottesen
Johan Ottesen (fødd 1944) er ein lokalhistorikar busett i Ulstein kommune, på Ottagarden på Osnes. Etter utdanning i sosiologi, statsvitenskap og historie i Oslo og Bergen flytta han heim att i 1971 og vart lærar i Hareid.
I 1976 vart han tilsett som redaktør av Vikebladet. Samstundes dreiv han trykkeriverksemnd. I 1991 vart han redaktør for lokalavisa i Volda, Møre, der han var i tre år.
Som student og seinare har Ottesen skrive faglege ordbøker for Studentmållaget i Oslo.
Mest kjent er Ottesen for å ha skrive i rad bøker med lokalhistoriske tema frå Sunnmøre, særleg om båtar. Han har òg bygd opp ei stor samling av flyfoto gjennom oppkjøp av samlingane til m.a. K. Harstad Kunstforlag i 1981 og Telemark Flyselskap AS og Norfly AS i 1983.
Kjelder
- Ottesen, Johan: Stad og tid. «Mor». I Regionavisa 1.2.2012 s. 22-23.
- Johan Ottesen historisk fotoarkiv og forlag
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Johan Ottesen på Digitalt museum.
- Johan Ottesen på KulturNav