Kahrsneset (Fedje gnr 169 bnr 65)
Kahrsneset er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Kahrsneset | |
---|---|
Kahrsneset i 2022. Foto: Karsten Madsen
| |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 65 |
Adresse: | Vidnappsvegen 1 |
1. Kristoffer Kahrs f. 1878 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-3b) d. 1961 g. 1901 m. Malena Mikkelsd f. 1879 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1969 sette opp hus her i 1908. Familien er ført på Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-4, sjå der.
2. Ingolf Kahrs f. 1905 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4c) d. 1993, ugift, fiskar, fekk skøyte på tomta med huset frådelt gnr 169 bnr 1 i 1952. Søstera Kristofa Kahrs f. 1909 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4e) d. 1995, ugift, var hushaldar. Søskenbarnet deira Lilly Nilsen f. 1910 Sulo (gnr 169 bnr 56-2b) d. 1998 vaks opp her hjå nr 1, og budde her sidan, ugift.
3. Ingard Kahrs f. 1956 Neset, Sulo (gnr 169 bnr 66-1b, sjå der), maskinsjef, g. 2008 m. Torild Knappen f. 1966 Hellesøy i Øygarden, laborant/kokk, budde før i Bergen. Han fekk skøyte her i 1993. Garasje vart bygd i 2006. Sjå Sulo gnr 169 bnr 42-2.
Born: a. Ingeborg Torhild Knappen Kahrs f. 2003. b. Ingard Christoffer Knappen Kahrs f. 2005. c. Ragnhild Malene Knappen Kahrs f. 2006.
Kahrsneset (Fedje gnr 169 bnr 65) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Myrtun (Fedje gnr 169 bnr 64) • Neste bolk: Neset og Smineset (Fedje gnr 169 bnr 66) |