Kjeldearkiv:1887-03-01 Brev frå Kleiven til Prestgard

1887-03-01 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1.3.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 22
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 1ste mars 1887.

Kjære Kristian!

I førre breve mitt nemnde eg vist på “um nokre dagar”, trur eg; dæ var meininga, at du skulde få brev att frå meg så snøgt da, skjønte du fulla. No er dæ da gått så umlag halvannor veke sia og dæ vil truleg du ikkje reikne for nokre dagar, er von. I retsspråke har juristarne eit uttrykk, som heiter “år og dag” og når dæ gjeld um å nytte heilt ut dæ uttrykke i go norsk lovkrangel og vriompeiseri så fær dei 1 år og seks dagar utav dæ – jamen gjere dei so og når du no heretter høyre, eg tek dei or: “um nokre dagar” i min munn så veit du, at dæ tyer halvannor veke. No veit du dæ mæ, og så er vi over den pynten.

Ja du er vorte ein [...] kristeleg gut? Ja, da, fælt kristeleg – dæ er ingen som kan segja anna, var dæ seg likt! Eg skal no slettikkje tvile på kristendomen din, da, å ja, eg kjende han no mestsom lite frå førr au eg da, måta. Men du tvila nok noko smått, du, på min, ser dæ ut te, allevist kan du nok ikkje finne deg i dæ, eg kom te segja um dæ evige liv. Du har nok ei rett fast tru i den vegen, du og dæ er du da lykkeleg av; eg lyt segja som eg sa i førre breve mitt, at der er eg ikkje kome te nokor klårheit – eg er ikkje overtyda um, at dæ er eit liv bak grava og dæ ein ikkje trur av overtyding dæ er ingor tru. For “troen er en fast overbevisning om det, som ikke sees”[1] hugsar du fulla dæ står i ’om Gameleirik. Ka eg her mæ tia kan koma te å tru, dæ veit eg ikkje, for i slike spørsmål er dæ ikkje ei økts arbei å koma te ei fast overtyding. Du kan da veta, at eg gjenne vilde leva evigt – men når du segjer, at trur ein ikkje på eit forklåra liv, så kan ein heller ikkje tru på ei høgre styring – ja da knurrar eg innvortes og skulde havt go hug te “anlagt proses” um den greia når dæ ikkje var fordi, at du banna så gudsjammerleg heitt på, at du vil vera kvitt slikt kjegl og lyser ei slik grueleg fordøming over den, som yppar kjiv mæ sin næste um slikt. Du har elles rett i di; kvar salig ved si tru! Og dæ held eg au mæ deg i, at dersom vi skal leva eit liv etter desse, så lyt dæ vera på ein lite annan måte enn som “den store hvide flok vi se, som tusind bjerge fuld av sne”[2] mæ skog av palmegreiner og evig seiersang. Eg trur, at da laut dæ helst vera ei vedvaring – fortsættelse – av menneskjelive på joren der alt dæ såre og tunge var burte og alt, som her trykkje og klembe og er attivegen ikkje længer fanns eingong i namnom. Du vilde no truleg ha mæ deg både Mæringsdalsvatne og den ospeholten burti høbron’, som du tala um i eit brev i haust og eg såg gjenne, at eg nådd burt i Bøneslia ender å gong. Vergeland han vilde no treffe att både “Vetlebrunen” og bikkja si han – så kravfull, at eg vil draga mæ meg nokor bikkje, skal no ikkje eg vera, da. Men eg tør ikkje halde på mæ desse emne længer – du kunde snart finne på, å skulde meg for å vera ein teologisk krangelfant og dæ namne er eg skammrædd å få og enda ræddar å fortene.

Eg har fleire gonge venta å fått hua full av skarnsor for måle eg driv mæ, men der held du […] tett. Du er vist ein “tolerant” mann der au, for i live er du i målvegen ein rettruande kristen og eg ein sekterer som står unde dissenterloven – eg skriv eit av målførom, som vart gjort av avgangom, den gongen, dæ vart så klassot mæ snakkje der sør ve Babelstårne, og du skriv dæ norske landsmål som han Ivar Åsen har gjor – – t – “restaureret”, meinte eg! – ja du skriv dæ makalaust godt au.

Men ka djeven er dæ du tænkje deg te mæ no? spør du. Å, du kan da skjøne, at dæ skal ei innleiing te, allevist når ein vil fortelja, at ein held på å misse trua på målstræve – dæ går ikkje an å stå fram beint upp og ne som ein stav og “meddele” dæ, men du lyt gjera snue og kroke og alleslags tverrbykks og bugtningo førreåt og enda kan dæ vera mykje å tænkje over, før du tæk tappen utur. Skulde eg koma ut for målstrævarom, dei ægte norsk norske vestlandske blåtrøyom, som har mange lærarar-ar og umsætjaren av breve til de domarar-ar så – ja da kunde eg bea folk åt mit eigje gravøl og dagstødja når skammpælen vart reist au. For verre eiterkveiser enn dei ægte vestlandske målmænn fins dæ ikkje på “den ganske jordens kreds”[3].

Jau eg held på å misse trua på, at målsaka vil vinne såleis, at den målforma, som regjeringa no styttar og som både ho og stortinge no årleg har vekjendt seg som norsk mål, vil koma te å bli brukt som bokmål. Eg bær te å få den overtydinga, at dæ er ugjørlegt, for dansknorsken bit seg fastar og fastar kvart einaste år, auka og mona seg i einingen. Dæ å tru på landsmålets siger dæ er etter mine meining ei innbildning som heftar ein berre burt. Norskgjeringa av måle er elles inne på rette vegen: Knut Knutsen! Avisone lægg ivegen mæ hare konsonante, burtkasting av daue endingo og upptaking av norske or den eine etter den andre; den eine bakstrævaren etter den andre tæk te, å læggje skrivtspråke sit nærar og nærar daglegtalen og teslut vil dæ bli “gjennemsyret” altsamen. Dæ er umogelegt så mæ eingong å læggje åt mæ grunnan for mi tru her, du skal få dei seinar um du vil; no for dæ fyrste fær du no trøste deg mæ di, at eg held på, at dæ norsk norske målst[r]æve er nødvendugt – dæ skal væra mest likesom dæ horne, den kroken som støtt og stendugt kravsar og grev i såre så dæ ikkje fær gro att. Difor er desse pindsvine frå Vestlande og Telemarken “såre nyttige” i målutviklingen. Korleis dæ igrunnen er mæ dæ store framstege målsaka har gjort no sia Vinje dø, dæ kan ein sjå best når ein ser, at bokhandlarane likesåsnart forlægg tvoskillingsviso som landsmålsarbei og at Fedraheimen kryp ihop meir og meir for kvart år – berre kryp ihop! no ser du dæ skjiner igjenom handfjølane hans, så tunn er han vorte. “Uhyre fremskridt!” – Tullsnakk! Eg sjøl – stor mann – vil no halde meg åt Vågemåle og “blive fast derudi” – men den, som vil gjera eit duglegt grep inn i utviklinga av bokmåle vort han vil nå længst og gjera størst gagn ved å gjera alvor av mæ Knut Knutsen. Tænk lidt korn på dæ, du! Du vil så endeleg ha meg åt Askov te-vintra og talar mæ slik eldhug um at vi skulde få buskape ihop ein vinter te, at dæ var sånær du narra meg te å gjera meg innbilningo. Nei, dæ bli nok alder av, ikkje fordi at eg ikkje har hug men kort og godt fordi eg ikkje har: mynt; ha eg berre havt råd te di, så – Elles så er eg no forgamal te å gå meir på skule au og dæ løner seg ikkje for meg for nokon korkje bokmann eller skulemann bli dæ alder av meg. Dæ eg var skapt te var garbrukar her på den vetle skarve garen min og så lite arbei for upplysning og framsteg ved sia i den vetle krinsen nærast umkring; ute på viddom vilde eg alder havt noko å gjort. Eit “jevnt og muntert virksomt liv”[4] her har vore mit ideal – å ja, dæ har no alti vore noko te, da, ser du: eg har no støtt tænkt å funne eit kvinnfolk som kunde vore høvleg å havt mæ i dæ live. Men dæ har alder vilja flaska seg – ; dei siste 7–8 åre har eg slite i eit “økonomisk” uføre som har øyelagt forsett mykje av meg – øyelagt reint fineggen i meg. Da eg no leigde burt garen trudde eg, at eg skulde fått kara av meg dei verste iglone men nei! dei hæng der. Heile tia, når eg ikkje har vitst anna, enn at eg skulde gjera eit grovt varp, har dæ enda mæ ein “stor skuffelse” og så endar fulla dæ mæ garen au. Eg trefte midt inni dette prisfalle og denne hare peningtia på alle kante – av dæ eg skulde “realisere” fekk eg ikkje ut dæ halve mot eg kunde fått i ei betre ti. Og no ser dæ vakkert ut mæ garbrukarom heruppe: falitt annankvar! Sume tek te å levere te konkurs; bli dæ ikkje noko no snart, som heite gudbrandsdalsk garbrukar-bankerot, skal eg vera ein stor tosk. Vakker ti – og eg, som tænkte på i desse 5 årom å tene noko, så eg kunde få ta fat, der eg slepte, mæ noko meire von, lite større rum så eg kunde få slå armane meir ut! Ja du meina nok, at bokbindinga og dølaforfattarskap skal greie alle knutane. Jagu sa eg smørr, eg! Bokbinding ser dæ ut te å vera nok av, meir enn eg vinst, men dæ er eit yrkje, som ikkje kastar såmykje av seg, at dæ kan reise ein upp att når han har fått tyngdepunktet altformykje avlagje. Og bokskrivinga? Hjarteleg takk! Når du brukar gult konseptpapir te 25 øre boka og kjøper blæk av ein gesell så fær du att dit for “materialerne” men ikkje såmykje, at du har att for slite på brokræven og frakkermom dine. Ja, du lyt no enda vera go-te å skrive da, vera eit “geni”, eller du lyt vera eit gudelegt beist, som kan skrive patent-a, b.cor eller præmibibelhistorior på dæ norske riks-landsmål. Nei der er dæ korka, far, for eg er korkje “geni” eller gudeleg, eg er ikkje eingong så “romantisk”, at eg kan læggje dæ mindste “skjær” av morgonraue eller regnbogeglem inn i stilen, inkje noko “løftende”! Eg veit ikkje korleis dæ er, men sia dæ lei framover vinteren har eg så ofte sett dæ ha glimsa: “Amerika” framfor augom mine, stygt, kvasst, kalltokka; eg har bite ihop tænnane og knipt ihop kvarmane men, – dæ har fare og gneista der likavæl. Kven veit? – kanhende bærs dæ dit, likavæl, når alle dei andre utvegje er stængde, alle vone brustne; ha eg havt ti, så ha eg vilja byrgja lese engelsk for sikkerheits skuld.

Forgyllte deg som literat og skulemann? dæ laug du! Eg sa, at du skreiv ein framifrå go, grei livleg stil – ein stil som viser, at dæ er pennen du er fødd mæ, og likeså er eg viss på, at du vilde bli både ein dugande og samvitsfull skulmester. Dæ kan da fulla ikkje vera noko skryt, og hellerikkje var dæ meininga, for dæ bruka eg alder. At du kan ha mange klembo att å gå igjenom både før du finn deg sjøl heilt, og før du finn “publicum”, dæ kan vera mogelegt, men “evnerne, anlægget” ja dæ trur eg på og dæ vilde eg, at du sjøl skulde tru på au. Meina du helles, at eg berre vil stå å gjøla og skryte likesom han Jesper Oldfuks[5], ja – så kan du få freiste på dæ, dersom dæ skulde bli sporlag um dæ eingong.

Ansnes? Ka […] er dæ for ein aspekter? Nei han har du alder tekje på namn åt meg før. I det store gudbrandsdalske “bondeskjønsorgan”[6], den kristelege eiterkveisa mæ lambull på, er dæ eit kjellarstykkje i siste no, “over Atlanterhavet”, trur eg dæ var, etter ein Ansnes. Er dæ sama guten, tru? Er han folk eller er han vestlænning? Nei, du, at han kjende namne mitt frå den harejagta? Å jau, den harejagta! Den gongen, “i mit 18de regjeringsår” da var eg på harejagt i Bjørnsons fortællingo og heile den harejagta, Ansnesen har hugsa, var ei ynkjeleg etteraping etter stilen åt B. B. Du veit, dæ er ikkje stor gris, før han skal ha krill på spælen. Helsar du ’om att fær du segja, at no har eg havt av att krillen og tekje min literære spæl imillom føtom – ho står ikkje beint att, tesmeir.

Nei dette bær utur! Halvtanna folioark! Jagu skal du få bie før du fær maken att no; her ha eg site og hefta burt bokbinding åt Sells boksamling for minnst 2 kronor! [...]

Men no fær du leva væl og takk for denne hetaria! Og så te att mæ bokbindingen som ein hektkrok!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Hebr. 11,1; i Pontoppidan: Sandhed til Gudfrygtighed (1737 og seinare) sitert under spørsmål 488.
  2. Salme (1764) av Hans Adolf Brorson.
  3. Luk. 21,35, ofte sitert i religiøs litteratur, m.a. Luthers vesle katekisme. I bibelomsetjinga frå 1873 vart det endra til "hele Jordens Kreds".
  4. Opningslina på ein song (1839) av N.F.S. Grundtvig.
  5. Rollefigur i komedien Jacob von Thyboe (1723) av Ludvig Holberg.
  6. Avisa Framgang.